Ved ankomst til Nanzansu kl 07.45 i dag tidleg blei me vinka inn porten av glade, sprudlande og koselege lærarar.
Ei lærarinne førde oss til inspektøren på skulen, som etter kvart førde oss til rektoren på skulen. Han tok veldig godt imot oss og tok oss med på ein rundtur på området.
Her står førsteklasse klar til å gå inn i klasserommet sitt.
Me var innom alle 8.klassene som blir trinnet me hovudsakleg skal vere på. I tillegg trefte me hovudansvarleg for 8.og 9. trinn. På rektor sitt kontor hang det mange fine plakatar. Som eg dessverre ikkje fekk tatt bilet av i dag, men det handla blant anna om moglegheiten til vidareutdanning ved Nanzansu, moglegheit for ferie og litt om ivaretaking av elevane.
Her er nokre av det same som dei på rektors kontor, desse hang på "staff-rom"
Førsteinntrykket ved Nansanzu er at det er ein fin skule og eg har også inntrykket av at elevane trivs godt der.
Eg fekk knapt teke bilet av skiltet, for elevane storma framfor kamera og ville så gjerne vere med på biletet.
To søte jenter ville veldig gjerne bli tatt bilde av.
Første time for min del i dag var observasjon i faget matematikk i 9. klasse. Det var ikkje store merkbare forskjellar frå ein norsk skule i grunn. Mykje var likt. Men det som ein la mest merke til var måten å setje opp ei gangealgoritme på.
Dei sette det nemleg opp under kvarandre slik:
Legg merke til at det her er snakk om desimaltall. Og gangeteikenet er altså eit komma.
Prøv å forstå dette du..... rart spør du meg.
Det neste eg la meg på minnet, var at elevane svarar i kor når læraren spør kva 2 x 8 er. I Noreg ville me bruka handsopprekking. Oppbygginga av timen var stort sett det same som i Noreg, læraren hadde ein gjennomgang på tavla, der elevane var med å rekna eksemplar. Så fekk dei prøve sjølv på slutten av timen. Men når eg ser over notata mine i kveld ser eg at læraren har arbeida med to ting som ikkje har samanheng. Ho starta timen med å forklare parentesar; at ein skal rekne ut inni parentesen først for deretter å regne det saman med det som står utanfor. Også avslutta ho med multiplikasjon av desimaltal. Det rare oppi det heile er at dei skriv komma som me i Noreg ville skrive gangeteikn (sjå reiknestykket). Eg spurde lærarinna kva eit kommateikn likt norsk ville bety for elevane og ho forklara meg at dette brukas for å skilje talverdiane. Altså kunne 95450 skrivas 95,450.
På slutten av observasjonen forsøkte eg å rekne oppgåvene som elevane fekk, med deira algoritme. For meg var dette vanskeleg, og eg måtte dobbeltsjekke med den tradisjonelle gangealgoritmen me brukar i den norske skulen. Så eg ser allereie utfordringar.
Etter matematikken vart det 20 minuttars pause for lærarar og elevar. Eg fekk beskjed om å sitje på ”staff-rom” å vente på mr. Kaange som skulle ha matematikk i 8.klasse. Pliktoppfyllande som eg er venta eg i om lag ein time utan at Kaange dukka opp, så då bar det ut på jakt. Og etter ein dag med presentasjon av 40 ansikter, og 100 namn var det ikkje godt å vite kven eg skulle ha tak i. Eg tok ein ”rå sjans” og jammen var det ikkje riktig. Det viste seg at han ikkje skulle ha matematikkundervisning før kl 12.30.
Sidan timen som Line og Silje var i (Home economics) allereie hadde starta, valgte eg å snakke med ein av lærarinnene på skulen. Me snakka litt om utdanninga i Zambia og korleis denne fungerar. Også snakka me litt om språkundervisninga på skulen, kva elevane kan og ikkje kan når dei byrjar i first grade og kva fag dei har.
Utdanningssystemet her, slik eg har forstått det er følgjande:
2 år på college of education (f.eks. Dalice) vil gje eit sertifikat i undervisning. Også har studentane sjølv ansvar for praksis. Ettersom eg forstod må studentane betale for praksisen sjølv.
Deretter kan dei ta ein Diplom, som eg trur er ein litt høgare grad enn berre sertifikat.
Eller ein kan gå 4 år som gjev studentane ein grad. (alla Adjukt i noreg)
Graden får ein ved å gå stega via sertifikat og diplom.
Med tanke på lesing og skriving i skulen hadde lærarinna (som eg dessverre ikkje hugsar namnet på) ein god del å fortelje. Sjølv underviste ho i 3. klasse (tird grade) og i alle fag. Og ho fortalte at kvart trinn opp til sjuande klasse berre har ein lærar å halde seg til.
Tilbake til lese og skrive opplæring fortalte ho att nokre elevar gjeng på ”pre-school” som me på godt norsk kallar barnehage. Skilnaden mellom norsk barnehage og zambesisk pre-school er at barna ikkje leikar så mykje, men heller førebur seg til første klasse. Det er opplæring av bokstavar og tall og kanskje litt lesing og skriving, i form av ord.
Derfor kan nokre elevar lese og skrive litt når dei startar på skulen, medan andre som ikkje har gjenge pre-school, verken kan lesa eller skrive.
I første klasse startar elevane hovudsakleg med å lese og skrive Chitonga, som er morsmålet til elevane. I første klasse vert elevane introdusera for Engelsk i ein førebuande prosess. Det fyrste elevane lærer er alfabetet, dei lærar å uttale bokstavane, og teikne desse. Ho kunne fortelje at dei ofte gjorde dette ute i sanden, eller med kritt på tavla. Men ho trekte fram at dei ofte gjorde det i sanden for å få følelsen av korleis ein bokstav teiknas, og kanskje også gå bokstaven, i tillegg var det ikkje alltid ein hadde kritt for handa og det var ikkje lønsamt å bruke kritt til denslags. Engelsken i første klasse er som sagt førebuande til 2. klasse, men det er likevel undervisningstimar som er merkte med Engelsk og når det nærmar seg andre klasse har elevane lært bokstavane, og kunne formulere heilt enkle setningar munnleg. Først i 2.klasse startar elevane med ordentleg undervisning, då kan læraren stille spørsmål (som har eit veldig klart svar) også skulle elevane skrive svaret i bøkene sine. Eks:
Is there a cat in this picture?
Elevane skal skrive; There is a cat in the picture.
Eg fekk ikkje moglegheit til å observer på 8.trinn i dag, grunna ein intern misforståing i gruppa. Så derfor skal eg både vere i 8. og 9. trinn i morgo. Eg skal følgje Mr. Kaange frå kl 08.30 – 11.50. Og gler meg veldig til det. Noko som er litt skummelt er at elevane skal til med sannsynsrekning, noko som ikkje er mi sterkaste side. Men med norsk lærarverk og skulen sitt lærarverk skal eg nok greie å undervise i det.
Etter skuledagen var slutt tok me taxi til zigzag og åt lunsj.
Då me sat der kom det eit vanvittig regnver og tordenver. Det smalt så det rista i golvet. Og det regna inn i restauranten me sat i. Dette vara om lag ein halvtimes tid, og når ein kikka ut etterpå var det vatn-dammar så store at fisk kunne budd i dei.
Etter å ha ete litt bruka me ubrukleg lang tid på å finne noko smykke ting og brukande sko til undervisninga i morgo. Sko er by the way super billig. Kjøpte meg nokre søte skinnsko til berre 90 nok.
Men no er det nok for i kveld. Har kjøpt meg ein zambesisk telefon i dag (til 50 kr) som eg skal teste ut i kveld J
HEY DÅ.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar