Sidan me ikkje starta undervisninga før kl 11.10 i dag hadde me god tid til å planlegge dagen og resten av veka. Det er utfordrande å planlegge, sidan me ikkje veit kor fort elevane lærer.
Læraren i kunst besøkte oss på lærarrommet oss og bad oss teikne for han. Eg teikna eit par bavianar:
Line er den med mest kunnskap innan kunst og handtverk. Me var inne i Art klassen og ein av studentane hadde teikna ein papaya på tavla. I Zambia kalla dei desse for "pawpaw" og når Line sa det heitte papaya lo heile klassa av oss. Så det skal ikkje mykje til for å glede.
Det blei med andre ord lite tid til planlegging. Og kanskje var det like greitt, grunna at elevane lærer veldig seint her på skulen. Eg underviste i lovar for multiplikasjon i dag, og eg veit ikkje om elevane har forstått kva lovane inneber. Derfor må eg ta enno ein gjennomgang i morgo.
Utfordringane og merknadar under dagens undervisningsøkt:
Å undervise på engelsk var i grunn greitt, men samstundes vanskeleg. Å finne dei riktige orda når ein treng dei kan vere vanskeleg – spesielt når ein er nervøs.
Elles hadde eg med meg Silje som observatør og ho gav meg tilbakemelding på at engelsken var god, at eg gjorde ei bra økt, men at eg kunne smile litt meir. Det skal eg nok greie. Men samstundes er det nokon av utfordringane – respekt i klasserommet. Skal ein smile, eller mister ein respekten dersom ein berre er snill og god?
Då me kom inn i klasserommet var det ingen som reiste seg og berre eit par elevar som svara. Silje tok tak i dette og fekk elevane til å helse på normalt vis. Me ynskjer å setje ein standar for undervisninga og bli møtt med respekt av alle elevane.
Eg gløymde å be elevane pakke saman bøkene, så i dei ti første minuttane sat elevane å gjorde Engelsk leksa medan eg underviste i matematikk. Altså er ikkje alt like sjølvsagt her nede som i Noreg.
Når det kjem til lærarane og korleis dei såg på undervisninga mi, er det vanskeleg å svare på. Læraren som eg overtek for er ganske lat, og derfor var det ingen lærar som observera meg idag. Kanskje like greitt sidan eg hadde min eigen norske observatør. Eg var innom kontoret hans tidlegare på dagen og forsikra meg om at han ville kome kl 12 og ta over for meg. Men han møtte altså ikkje opp og elevane måtte sitje åleine å rekne oppgåver.
Eg har prøvar å leggje opp undervisninga etter zambisk standard dei fyrste øktene. Men vil truleg køyre mitt eige lisle løp etter kvart. Elevane manglar mykje grunnleggande kunnskap som eg har lyst at dei skal lære. Så derfor skal eg i neste veke fokusere litt på problemløysing og praktiske oppgåver som skapar forståing innan matematikkfaget.
Elles hadde eg ein ganske kjedelig oppleving på skulen i dag. I det eg spaserar i gangane utanfor klasseromma observerar eg at matematikk læraren som eg har skrytt så mykje av, faktisk brukar pisking (med gummilist) som ein type straff, i tillegg til ”gras hogging”. Eg vart overraska og gjekk meg ein runde for å snu og "smug" kikke. Eg trur nok han observera meg, men haldt likevel fram med piskinga.
Eg har bestemt meg for å ta dette opp med læraren, men sidan det ikkje var moglegheit for dette i dag, skal eg sjå om moglegheitene byr seg i morgon.
Elles har me ein finfin dag, slappar av ved bassenget og skal kanskje ein tur til byen utpå kvelden.
Ha det godt så lenge.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar