tirsdag 22. februar 2011

African ladies

Helga vart ikkje akkurat som planlagt, men me tok ein tur for å sjå på regnbogen mot månen. Og åt middag med nokre vener her i Zambia; Brian og Jaimy.

Det afrikanske aften starta med at me køyrde til det lokale markedet; Maramba marked. Her var det mykje rart å sjå, og det lukta deretter. Larver, flygemaur, småfisk, større fisk, grønsaker, sur mjølk med meir. Etter ein kjapp tur rundt omkring hadde me fått med oss, okra – agurkliknande grønsak og fisk som middagen skulle bestå av. Skeptisk som eg er, danna eg meg bilete av tre jenter som var svært dårlege dagen derpå. Mindre skeptisk var ikkje Silje som syns me skulle la vere å ete fisk.
Her fekk me sjå ein boksekamp, vel og merke i komedisk regi.





Vel framme hjå Jaimy, slappa me av litt på rommet og starta deretter å  gjere klart for matlaging:

Brian, Silje og Line kosar seg med musikk og mosi (lokalt øl) 


Jaimy set fram kokeapparata.


Medan Alex forsøkte å få fyr på kolet, kosta eg gardsplassen og følte eg var til nytte allereie då.

Huset deira var max 10 x 10 meter, fordela på to soverom og kanskje eit toalett. Vatn var der ikkje innlagt, og maten åt me på golvet og i senga. Veldig morosamt å sjå på korleis dei laga maten utandørs og med så lite reiskapar. Så langt auge kunne sjå var det berre ein brødkniv og ei tresleiv. 

Nokre slår av ein prat, medan andre lagar mat. 


Det vart ein kjempe koseleg kveld, med mykje latter og moro. Og eg fekk til og med lære å lage Nshima, som er noko liknande potetmos som dei lagar her nede. Berre at det er laga av ein slags type maismjøl. Nshima et ein med hendene og berre det er ei oppleving verdt å ta med seg.


 



  

Ellers andre blikkfang frå den koselege kvelden:







Mot slutten av kvelden fekk gutane prøve seg på litt snus. Noko som var heilt framand her. 

                   



På skulen fekk elevane ein time ekstra på å gjennomføre testen, men det er vanskeleg for elevane. Prøva var nok litt stor og utan grunnleggjande forståing, var det lite dei meistra. Kartlegginga gjekk dermed i vasken som mykje anna.

I går ettermiddag besøkte me Shwani, som skal lage Djember til oss. Me bestilte likegodt kvar sin store djembe og på laurdag skal me møte Shwani og ein kamerat i parken for å lære å spele på trommene.  
Dagen i dag hadde fullt program, fram til Brian avlyste turen til Mukuni Village. Me skulle dra dit for å sjå på det verkeleg afrikanske livet i ein landsby utanfor Livingstone. Dermed vart det høneblund og avslapping ved bassenget.

På skulen i dag hadde eg stasjonsundervisning med elevane, men der møter ein og utfordringar. Elevane skjønar ikkje kva dei skal gjere, sjølv med grundig forklaring på ark, krev elevane hjelp frå læraren.  Mot slutten av timen var eg sliten og følte eg meg verkeleg som ein blekksprut, sjølv om Silje var med meg i undervisninga.

Avslutningsvis skulle me ha ein kjapp konkurranse; Bingo. Elevane skulle plukke ut fem reknestykke,
eller tall. Dersom dei valte reknestykke ville eg sei svaret på reknestykket, og elevanes jobb var å finne ut kva reknestykke som høyrde til talet eg las opp. Og omvendt dersom dei valde tal. Dette var veldig vanskeleg å forstå, så resten av timen gjekk med på å forklare. Eg lova elevane å gjere ferdig konkurransen i morgon, og som premie har me blyantar, viske lær, refleksar med meir frå Noreg.

Loka wannana!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar