Etter å ha prøva nok ei gong med kommutativ og assosiativ lov er eg på randen av å gje opp. Elevane følgjer med og eg får av og til brukande svar. Men har elevane forstått? Og har dei det grunnleggjande som trengs for å forstå?
Tydelegvis ikkje. For berre ein elev i klassa hadde alle oppgåvene riktige, og mange elevar hadde nesten alt feil eller latt vere å prøve.
For å danne ein forståing innan matematikk, må elevane få moglegheiter til å relatere skulematematikken til det daglegdagse. Medan det her i Zambia berre er fokus på ein kjapp gjennomgang av 40 minuttar per emne.
Overgangen frå det uformelle daglegdagse til skulematematikken er ei kritisk fase. Og det er her dei fleste elevane har mista moglegheita til å byggje ei bru. Elevane har enda opp med ei ”forutintatt” haldning, der dei er fiksera på sin eigen matematiske inkompetanse, og heller let vere å gjere oppgåvene.
På grunnlag av dette eg no skriv om, har eg laga ei kartleggingsprøve som eg skal gje elevane. Som lærar må eg vita kvar elevane står og kvar dei har store hull. I tillegg ynskjer eg å byggje opp den grunnmuren mange elevar manglar. Om ikkje skape forståing så i alle fall danne eit grunnlag for ei breiare forståing. Dei kan ikkje ei gong 10’er vennar, noko som elevane skulle lært i fyrste eller andre klasse.
Eg har berre tre veker på meg, så det er knapt med tid. Likevel er eg optimist og har som mål å sjå kva elevane manglar av kunnskap. I tillegg til dette ynskjer eg at elevane her nede skal få oppleve noko dei ikkje er vant til, nemleg å tenkje sjølv. Eg vil starte på nokre problemløysingsoppgåver og prøve å utvikle ein liten kompetanse i sjølvtenking. Heilt korleis dette skal gå føre seg er enno litt uklart.
Elles har undervisninga i dag vore så som så. Som de nok skjønar, er eg litt oppgitt over at ingen elevar forstår, sjølv om opplegget mitt er bra. Derfor gjer eg eit seiste forsøk på å presentere lovane med bokstavar i morgon. Altså ein kort presentasjon av variablar.
I kveld/ettermiddag har me slappa av ved bassenget, og eg har verkeleg skjøna kor utruleg godt det er å ha vaskemaskin. Det tok meg 45 min og ein haug av krefter å vaske 10 klesplagg. Og enno er det 20 til. Ja. Det er vel berre å ynskje meg lukke til.
Ciao
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar