torsdag 3. februar 2011

Ein kjapp blogg

Heia.

Madam National Geographic tok fri frå fotografering i går. Men i dag er eg tilbake.

Når eg les gjennom bloggane mine ser eg at det har gått litt fort i svingane. Dette skal eg forsøke å forbedre.

I dag som i går kom me til Nanzansu 07.15. I dag hadde eg to observasjonstimar, Silje hadde tre, medan Line hadde ein. Læraren som Silje skulle følgje var sjuk i dag og læraren min skulle i møte. Eller som han sjølv sa: ”I suppose to be in a meeting” . Eg vart ikkje veldig overraska over utsegna, men likevel reagerar eg på at ein let ungane sitje i klasserommet utan læraren fordi ein eigentleg skal på møte, ein eller annan gong i løpet av dagen.

Sidan me ikkje hadde noko å gjere, bruka me dagen på ”staff rom” og planla litt for kommande veke. I tillegg var Silje og Line ein tur innom 1.klasse og song og leika litt. Medan eg var innom ei tredje klasse å kikka litt der. Elevane ler litt av meg, om det er eg som er rar eller engelsken min er vanskeleg å sei. Og eg måtte lesa heile engelskboka deira pluss at eg måtte løyse oppgåver i instruks frå elevane.

Planlegginga baud på utfordringar. Med berre eit lærarverk per lærar, enda me opp med å bruke fotoapparata våre flittige og fotograferte kvar enkelt side i boka, slik at me kunne kikke på dette i planleggingsprosessen. På tross av bileta vart det ein vanskeleg og uvanleg arbeidssituasjon, så derfor blei det med planlegging av første timen kommande veke.

Sidan me ikkje hadde noko undervisning/observasjon etter 11.10, gjekk me ut på skuleplassen for å vente på Christopher, som er vår daglege taxisjåfør. Eg ville gå meg ein tur langs vegkanten å sjå om eg fann noko å fotografere. Line og Silje stoppar meg, ein liten gut ropar etter meg: ”How are you?”, då eg snudde meg rundt kom han springande mot meg. Han strekte armane og eg løfte han opp. Så la han hovudet på skuldra mi, og slappa av. Litt rart å få ein slik oppleving. Med eit tenkte eg på det me hadde diskutera på universitetet om å ikkje løfte ungane. Men dette var ingen elev og etter ein ekstra rundtur i tankane mine konkludera eg med at dette ikkje var etisk feil.


Så haldt eg fram med mi lisle utforsking langs vegkanten. Eg såg nokre kjempe fine grashopper som du ser av bileta.





Tilbake på skuleplassen var det stor ståhei i skulegarden. Elevane samla seg på sletta og slo samstundes som dei hoppa unna. Nyfiken som eg er tok eg med meg kamera å gjekk bort. Då hadde dei drept ein slange.

Line kunne i etterkant fortelje meg at desse elevane som slo graset hadde straff. Dei hadde ikkje gjort matematikken sin, og måtte derfor slå graset. Elevane fortalde at dei syns dette var kjedeleg, derfor leita dei bevisst etter slangar dei kunne slå i hel. Fordi dette var morosamt i motsetnad til å slå gras.

Her ser de Line som er sosial med elevane, og til venstre i biletet ser de ein gut som slår gras med ei jern stang.


Her inspiserer matematikk lærerinna at gutane har gjort skikkeleg arbeid.



Eg måtte berre ta bilet av dette. I zambia gjeng hundane lause over alt og bilane held på å kjøyre på dei til ei kvar tid. Men grisane, dei må ein ha i band :)

Elevane er evig glade i å bli tatt bilet av, så her er nokre bilet frå fotosession utanfor skuleporten i dag.



Då Christopher kom, tok me taxi heim til Chanters. Og i heile ettermiddag har eg og Line kosa oss ved bassengkanten, medan ”Lobster” Silje framleis held seg inne med aircondition på 20. Det har vore utruleg varmt i dag, og derfor måtte eg prøve det lisle bassenget til Richard. Det var godt å kjøle seg litt.

Medan eg no hugsar det, må eg berre skrive det på dagens blogg. I går overlevera Silje brev frå studentane i Noreg som var her i fjor. Rektoren las det høgt opp på lærarrommet, men etter kvart kom det til at nokon hadde sola seg. Han skjøna ikkje kva dei norske meina med ”working on the tan” og Silje forklara. Så forstod han å kommenterte ” åååh, okay so that are what you’re doing when you’re trying to get pink” - dette var gårsdagens høgdepunkt.

Dagens høgdepunkt for min del var at eg fekk teke to fine bilet, og mange situasjons bilet.

Dagens gullkorn frå Line:

"Viss det kommer et nesehorn, klatre opp i et tre. Viss der er en slange så hopp ned!"

Så kan du jo ta tak i hornet og rodeoen er i gang.

Snakkas J

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar