Som overskrifta fortel, har me i dag vore på lærarutdanninga her i Livingstone.
Oss utan for College.
Dei hadde fine blomsterbed på kvar side av inngangspartiet.
Det heile starta med Tea Break, eit møte lærarutdannarane har kvar morgon, der vart det teke opp ein del ting om eksamensresultat og det vart teke opp saker frå Suggestion box, som var noko nytt dei hadde byrja med på College.
Det er framleis vanskeleg å forstå den afrikanske aksenten i engelsken deira her nede, så det måtte mykje konsentrasjon til for i det heile tatt greie å forstå litt. Første inntrykket av møtet var; Oi, her var det lite respekt. Folk prata medan møtet hadde starta, og sjølv eg gjekk i den fella. Det var ikkje stille då møtet starta, og sidan eg var noko uoppmerksam i augneblikket møtet starta byrja eg å prate til Tove, vår kontaktperson, som då fortalde at møtet hadde starta. Ups!
Det er stor forskjell frå Noreg, eg syns mange gonger at lærarutdannarane var litt høge på pæra og såg ned på elevane. Forslaga frå suggestion box blei gjort til latter av nokre medan Mari forsvara elevane og prøva å få lærarane til å forstå kva som var viktig i saken.
Når sant skal seiast vart framlegga publisera på ein noko rar måte. I Noreg ville ein nok kikka igjennom forslaga i førekant av møtet og snakka om det som var det essensielle. Medan forslaga her vart lest ordrett slik studentane hadde skrive dei.
Ein annan sak som kom opp var ein diskusjon om bruk av internett. Lærarane ynskja ikkje at studentane skulle kunne utvide sin kunnskap, på grunnlag av status. I tillegg meina nokre lærarar at elevane kunne finne på å skrive denne utvida kunnskapen på ein eksamen, og at dette ville skape mykje ekstra arbeid for dei som lærarar.
Alt i alt får ein veldig inntrykk av at studentane er mindreverdige og at det er lærarane som skal ha den høge statusen.
Det som vart det positive i løpet av møtet, var å sjå korleis Mari arbeida for at forelesarane skulle sjå på studentane med ein annan synsvinkel. At i staden for at statusen skal vere det viktigaste, handlar det vel så mykje om å bruke elevane og samarbeide.
Etter Tea Break fekk me omvisning på Dalice, og dette var eit stort område i mine auge. Med kyr, geiter, høner, ”ender” av ein eller annan slag og fisk. Skulen hadde og hostels der elevane bur, jentene for seg og gutane for seg. I tillegg hadde skulen ein stor åker der det vart dyrka tomatar, mais, kål ++
Og ein hage full av frukt.
Studentane lev heile livet sitt på skulen, både fritid, skuletid og lunsj. Lunsjen får studentane på skulen, me var innom stor kjøkkenet og såg korleis dei kokte mat for 500 personar. Maten må eg innrømme freista lite. Ein graut av maismjøl, ein skokk av bønner og masse fisk (om lag 1,5 cm) som såg super ekle ut. Det var forresten to søte jenter; Lisa og Inonga, som viste oss rundt på skulen. Desse var kjempe søte og koselege. Me skal møte alle studentane på eit sosialt arrangement kommande laurdag. Der studentane skal danse og synge. Kanskje skulle det vere ein form for konkurranse. Det er eg noko usikker på.
Silje og Lisa, ei av studentene ved DALICE.
Medan me var der sprang studentane rundt med måleband og målte opp heile skulen, og alle areal. Ikkje berre bygningane, men avstanden mellom desse bygningane og åkrane og heile skulearealet rett og slett. Dei hadde oppgåve i Geografi å lage kart over området.
Ei søt dame som lot meg ta bilet av ho og hennar søte barn. Dette ser me mykje av i Zambia
Etter ei varm omvisning på college, gjekk me opp til Mari og Tove for å ete lunsj. Medan Tove, Mari, Line og Silje stod på kjøkkenet å laga mat sprang eg rundt i hagen og fotograferte litt.
Ei grashoppe som andre grashopper, berre litt større.
Ein sommarfugl som er kjempe fin når den har vingane ute.
Mari var veldig flink til å lage mat, så me åt ein slags gryterett av grønsaker med ris til. Til dessert åt me kringle som Mari hadde bakt.
Her er me gode å mette på verandaen hjå Mari og Tove. Gruppe bilet må og tas.
Så var dagen vår slutt, og me skulle ta taxi til Chanters. Mari og Tove måtte ta taxi til legen fordi Tove hadde fått eit stikk for nokre dagar sidan som var nokså rødt no.
Tilbake på Chanters hadde Silje og Line store planar om å gå til byen. Medan eg ville slappe av heime. Det enda no med at me alle sat/låg og slappa av ved bassengkanten. Og plutseleg opna slusene seg og eg kunne danse regndansen i berre bikini J Ei forfriskande oppleving.
Biletet er teke av Line med hennar telefon, og derfor av litt dårlegare kvalitet enn dei andre bielta.
I kveld har me vore i byen å ete middag på Olga’s nok ei gong. Og jentene har fått kjøpt solfaktor 30 og 40. I tillegg fekk dei kjøpt seg noko krem på apoteket som skal hjelpe på den solbrente huda deira. Dei kallar seg sjølv Lobster Girls, og du kan jo tenke deg kvifor.
No er det straks legge tid. I morgo er fyrste skuledag på Nansanzu. Det er litt delte følelsar om morgon dagen. Eg for min del er utruleg spent, men gler meg samstundes til å sjå korleis ungdomskulen her nede fungerar. Håpar berre at me får tid til å setje oss litt inn i systemet, før me blir kasta ut i undervisninga. Men ettersom eg har skjøna på studentane som har vore her tidlegare må ein ut i ilden ganske så raskt.
TIME WILL SHOW!
Ha det bra!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar