torsdag 17. februar 2011

Motivasjon, mastringsføling og glede.

I desse dagar avsluttar eg tema om matematiske lovar. Det skal bli godt å avslutte tema etter 14 dagar, å føle at i alle fall halvparten av elevane har forstått det eg har undervist.
Tema avsluttas med ein test som omgår det meste av det eg har undervist. Motivasjonen vekkast når eg no planlegg programmet for neste veke. Sidan dei 14 dagane har bestått i tavleundervisning og oppgåver skal eg no ta steget inn i den norske praktiske delen.

Me skal ha stasjonsundervisning, der elevane får spille matematiske spel, men samstundes øve på å løyse problem på ulike måtar. Det blir spennande å sjå resultatet. Greier elevane å løyse problem eller er det heilt fjernt for dei? Har det nok matematisk kunnskap til å greie det? Vil det gå opp nokre ljos når dei spelar spel? Eller vil det berre skape forvirring?

Årsaka til at eg ynskjer å bruke neste veke som ”eksperiments veke” er at elevane syner lite kompetanse på heilt grunnleggjande nivå. Difor skal eg sysselsetje fleire grupper, og forsøke å setje meg ned med gruppa som skal løyse problem. Der vil eg observere tankane deira og stille spørsmål som vil gje meg innsikt. Ein kan kanskje kalle det ei lita munnleg kartlegging. 

Elles var det utruleg koseleg å vere på avsluttingsfesten til Mari. Til tross for at Jon Blund hadde vore innom tidlegare på kvelden, festa me til klokka var 4 på morgonkvisten. Sundagen vart roleg, med soling og bading. 

Veka går no sin vante gang, med undervisning på 8.trinn, retting av bøkar og planlegging av timar og neste veke. I går forsøkte me å lære ungane på skulen paradis, det resulterte i at 100 barn skulle hoppe paradis samstundes. Og heile paradis blei lagt i grus. Vidare forsøkte me å leike sisten, men da skulle 100 barn vere røvar, så det vart heller ikkje vellukka. Og sidan me alle skulle ha undervisning måtte me diverre legge det heile på hylla for ei stund.

Kanskje me skal prøve å gjere dette i mindre grupper og ikkje medan alle elevane på skulen har pause.

Me var også på besøk på Dalice i går. Som representantar frå Noreg og UiT, fortalte me litt om praksis i Noreg og kom med nokre små tips om kva ein kan førebu seg på når ein skal ut i praksis. Vidare prøva Line å fortelje elevane at det ikkje er alt ein treng å sluke rått. Det er viktig å vere kritisk og tenke sjølv.

I morgon skulle me eigentleg på SOS-barnebyer, men dette vart flytta til neste veke ei gong.

Elles er me alle klare for å ta helg. Me planlegg ein tur til Victoria Falls på kveldstid for å sjå fossen og regnbogen mot fullmånen. Vidare vurderar me ein tur i Game park, og kanskje middag og bading på Zambezi Sun.

Loka wannana! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar