Det vil morgondagen vise.
Fyrst til fredagen:
Heile fredagen gjekk med til observasjon, og sidan me allereie har gjort dette over fire dagar er det vel ikkje så veldig mykje å fortelje. Skilnadane er store og eg ser utfordringar fleire plassar som du nok allereie har forstått. Likevel vil eg berre nemne at eg observera enno ein Historie time. Denne var særs mykje betre enn den andre timen eg har skrive om tidlegare.
I matematikken er det som vanleg lite pedagogisk og didaktisk. Eg observera læraren litt når han gjekk rundt å retta oppgåver. Når ungane hadde gjort feil eller ikkje forstått korleis dei skulle løyse desse, losa han dei berre vidare til neste oppgåve ved å fortelje eleven svaret.
Vidare har eg observera at dei ikkje har inspeksjon på skulen her - ikkje at det kom som ei overrasking, men likevel. Dette kom tydeleg fram då me stod ute i skulegarden og oppdaga ei lita jente som sat og grein. Det såg ut til at ho vart mobba og det verka som ho kom frå dårlegare kår enn andre elevar. Mogleg at dette var årsaka til mobbinga. Ho vart tydeleg lei seg og det var vanskeleg å gripe inn. Årsaka til dette er at ungane ikkje er spesiellt sterke i engelske i dei minste klassene. Og eg vil tru jenta var frå 2. eller 3. klasse. Ho kunne ikkje fortelje kva som var gale, og dei som mobba ho ville ikkje høyre på kva me sa. Kanskje forstod heller ikkje desse engelsk.
Laurdag – riding at the elephants, cruise at zambesi river and Zambian night at Dalice.
Heile veka har ein tenkt; det skal bli godt med helg, sove lenge og berre slappe av. NÅJA!
Starta dagen kl 06.30 på morgonen, me hadde booka elefantriding og la ut på tur med Mukuni Big Five Safaris, som selskapet heitte. Elefanten min hadde namnet Timber, medan føraren heite Innocent. Det var ein koseleg tur gjennom bushen der me ikkje fekk sjå så veldig mykje anna enn fuglar. Turen gjekk kjempe fint, men sidan elefantane er breie over baken var det godt me ikkje skulle ri på desse i meir enn ein time.
Her kan de sjå nokre bilet frå turen:
Her kan de sjå nokre bilet frå turen:
Her gjev eg elefanten min snacks etter ein finfin tur. Tunga til elefanten var kjempe mjuk å ta på.
På Mukuni hadde dei også løve ungar (7mnd) i bur, geopardar i bur, og ei afrikans gaupe som eg ikkje hugsar namnet på.
På tur heim var me innom Livingstone Royal, og fekk sjå desse fine dyra.
Vel heime åt me frukost og tok ein powernap, før det kl 13 bar ut på ny utflukt. Eigaren på The Spot (ein restaurant) invitera oss med på cruise på zambesi river då me var der på fredagen. Og det var dette me no skulle ta del i. Ein seks timars båttur der me fekk sjå flodhestar og kanskje også krokkodille.
Jentene på båttur på "floden" som Camilla kalla det.
Line speidar etter forskjellige dyr i Game park
Gleda vart diverre kortvarig. Etter å ha vore på ”floden” i ca 1 time vendte båten snuten heim igjen. Og me vart kasta av båten, alle saman. Dette var altså ikkje planen og ikkje avtalen med selskapet, men sidan den andre båten deira var øydelagt måtte me vike for turistane. Jaja, det kosta oss kun 50 kr. Men dårleg av selskapet syns no eg.
Resten av den planlagte båtturen bruka me på The Spot, der me fekk gratis snacks og kosa oss med eit italiensk ektepar. Det endte med at me drog heim til desse å kikka på ein leilighet me kunne få leige. Det var ekstremt fint der oppe, og me ville fått heile den 20 x 20 meter +++ store hagen med basseng for oss sjølve. Men sidan leiligheta ikkje hadde air condidtion, valgte me å heller bu dobbelt så dyrt på Chanter’s (mellom 8 – 10000 NOK)
Resten av den planlagte båtturen bruka me på The Spot, der me fekk gratis snacks og kosa oss med eit italiensk ektepar. Det endte med at me drog heim til desse å kikka på ein leilighet me kunne få leige. Det var ekstremt fint der oppe, og me ville fått heile den 20 x 20 meter +++ store hagen med basseng for oss sjølve. Men sidan leiligheta ikkje hadde air condidtion, valgte me å heller bu dobbelt så dyrt på Chanter’s (mellom 8 – 10000 NOK)
Med fem minuttars pause fekk me droppa kjølebagen på rommet +++ før me tok taxi til Dalice – lærarskulen i Livingstone. Zambian Night heitte arrangementet og var ein årleg konkurranse mellom dei ulike ”internata” på skulen. Kvar gruppe gjennomførte eit skodespel med religiøst innhald, eit korinnslag med 2-3 songar og til seist tradisjonell dans. Litt langtekkeleg så seint på kvelden sidan kvar gruppe hadde ein variasjon av det same opplegget.
Sundag:
Dagen i dag har me berre slappa av, vore oppe å besøkt naboane som me vart kjende med på cruiset og seist men ikkje minst: Micro Lighting over Victroia Falls.
Her kan du sjå bilet:
| Under meg her er det 10 flodhestar. |
Framleis vondt i handa etter at ein veps stakk meg i går, men satsar igjen på at den vert betre til i morgo.
I kveld er det tid for det annonsera Radioshowet til Richard Chanter. Skal bli spennande å sjå korleis det gjeng. Elles må ein bruke tida til å planleggje morgondagen, og korleis undervisninga skal gå føre seg.
| Frå Radioshowet til Richard Chanter |
| Dei to gutane som tek ansvar for at Richard sitt show kjem på lufta. |
Snakkas!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar