fredag 4. mars 2011

Ti knivar i hjarta.


Det er ein tung dag i dag. På tide å sei farvel til kjente og kjære. Alle har hatt mageknip og ein kjip følelse av å måtte forlate Livingstone etter berre 5 veker. Opphaldet har vore fantastisk og ein har verkeleg fått eit nytt perspektiv på ting i livet etter ein slik tur. Og tanken om å kome attende vert sterkare for kvar dag som går. 

I dag har me henta djembene våre, handla litt og vore mykje hjå skreddaren. Kjolen vart utruleg fin, og eg er særs nøgd med den. I tillegg henta eg ein finfin tunika og eit skjørt i same mønster og fargar.

Planen for i kveld var å sove litt, for deretter å ete ein god middag og spele biljard med gode vener. Men då me alle tre kom attende til rommet etter koffert shopping, såg me verkelegheita i auga. Her måtte det verkeleg pakkast. Og kven hadde vel tenkt på det?

Ja, når sant skal seiast er me tre jenter på tur. Og til tider er me temmeleg distree.

Biletet talar nok for seg:



Good bye!  

torsdag 3. mars 2011

Friheitens paradis


Det er jammen ei stund sidan seist når eg først undersøkjer. Sidan seist eg blogga har eg hatt dobbelttime med stasjonsundervisning der elevane spela yatzy, tier-ven, og gjorde diverse oppgåver. Læraren min var med meg inn i timen, saman med meg var og Tove. Tanken bak observasjonen dei gjorde var at me skulle ha ein fagleg samtale etterpå, om kva den afrikanske læraren syns om måten å undervise på. Dessverre vart ikkje dette noko av.

På fredagen var det samtale med lærarane våre, dessverre for meg var ikkje min lærar tilstades, så tida gjekk med på å diskutere dei andres innsats.

Etter møtet var det formell avskjed, der lærarane song for oss medan me opna nokre gåver dei gav oss. Fint zambisk chetenge, skjerf i dei zambiske fargane, sukkerskål og fat i tre. Veldig fin gåve.

Både Fredag og Laurdag gjekk med til ”party” i sentrum. Med våre lokale vener spela me Biljard heile fredag, og på laurdag dansa me oss slitne på diskotek.  Begge kveldane var me ute til utpå morgonkvisten ei gong. Og det var godt å ha moglegheit til å sove lenge, i alle fall ein dag.

Sundagen var det nemlig duka for avslappingstur til Bovu Island. Ei perle utan like, der ein føler seg som heime og lev sitt eige liv i det fri.  Ja, bokstavleg talt. Alt ein kan høyre er vinden og fuglane som syng i trea.  Me kom til øya på ettermiddagen sundag, etter ein noko spenningsfylt biltur. Tre glade jenter plassert på lasteplanet på ein pickup utan bremser.  Me hadde ikkje køyrd lenge før me såg ein sjiraff  midt i vegen. Me stoppa omsider opp og fekk teke bilete av det flotte store dyret i vegen.

Etter ein halvtimes køyre tur bar det inn i bushen. Og kvar gong sjåføren ropa ”Branches” måtte ein dukke. Vegen var så som så, så ein skulle berre halde seg godt fast.  Kvar gong me sette oss fast i gjørma var det like spennande å sjå om me måtte hoppe ut av bilen for å dytte.  Men me kom oss vel fram i god behald utan å dytte.

Framme på øya var det fyrste på programmet ”sunset cruise” i små kanoar kalla mukolo . Det var ei heilt fantastisk oppleving. Solnedgangen var ikkje den vakraste, men å berre sitje i kanoen ete sprettkorn og nyte utsikten var herleg. På tur opp padla kapteinen motstraums, så eg kunne førestille meg at turen ned vart kjappare. Der låg eg langflat i båten og studerte naturen og skyene, stoppa  båten plutseleg opp og framme var me.

Etter ein nydeleg middag og sosialt moro med dei to andre på øya tok me kveld.  Det skulle vise seg å bli ei slitsam natt for min del.  Til å byrje med måtte me drepe alle ”bugs” inni myggnettingen, og når det var gjort kunne ein leggje seg til å sove trygt. Men utpå natta vart det eit veldig leven utanfor hytta. Det var tunge steg, som hamra i bakken, og eg følte meg blant 20 høgt snorkande mannfolk. Dagen etterpå fann me ut at det mest sannsynleg var flodhestar.

På måndag skulle me stå opp tidleg for å dra til landsbyen på fastlandet. Me forsov oss sjølvsagt litt og drog frå øya rundt kl 09 på morgonen. Programmet for dagen var å besøke ein skule og ete lunsj med dei lokale. Det var ei oppleving for livet, som eg vil ta godt vare på i hjertet.

På ettermiddagen var det duka for å gå seg ein tur til enden av øya. Me fekk teikna eit kart i sanden, og prøva å memorere det heile. Turen gjekk nesten bra, bortsett frå Line som sette seg godt fast i ein stor tornebusk. Og ikkje nok med det, den morosame jenta presterte sjølvsagt å gå seg vill dagen me kom til den vesle øya.  Hjelp hjelp – kor e dokker. To opplevingar fylt av latter og memorert på video. 


Bilder fra Bovu:


Klikk i ramma for å sjå kollagen dersom den ikkje kjem fram.




Tysdags morgon var det klart for den store safarien, me har venta så lenge på under heile opphaldet. Opp klokka fem om morgonen, frukost og avreise frå øya i soloppgang. Det var så vidt me rakk transporten vidare til Botswana, for etter 10 minuttars køyring var me stucked i gjørma. Alle av med skoa og ut av lasteplanet for å dytte. Men me kom oss omsider laus og ferda vidare gjekk bra.

Vel framme i Botswana bar det fyrst av stad på ein safari til sjøs, der me fekk sjå lizard, krokodille, flodhest, antiloper og masse fine fuglar. Etter dette bar det vidare til Chobe  nasjonalpark for ein to dagers safari med overnatting i telt. Det heile var ein fantastisk oppleving. Eg har teke ein god del bilet, nesten for mange. Og har ein stor jobb framom meg med å sortere ut bilet.

Fram til solnedgang køyrde me rundt å kikka på dyra, og når kvelden kom køyrde me til leirplassen. Der var det sosialt å koseleg med ein del amerikanarar og eit kjærastepar frå finnland. Veldig triveleg. Utpå kvelden kunne me høyre elefantar, bavianar og løver rundt i området me telta. På toppen av dette var himmelen fri for skyer, og stjernene blinka fint på natthimmelen. Det vart tidleg kveld og raskt neste morgon.

Tida flyg fort og det er straks tid for heimreise. Dagane etter safarien har me bruka saman med alle våre gode vener her nede. I tillegg har me vore på ”Ha det bra, runde” i Livingstone. I denne runden besøkte me Libala, Nansanzu og Dalice. I tillegg har me vore to gonger innom Emma’s wear, og alt av kjolar og skjørt er straks klart. Vart ikkje så veldig nøgd med kjolen eg fekk i dag, men det får så vere.

I kveld hadde me besøk av School boy, ein gut født i Zambia, men busett i England og alle hans vener. Vidare gjeng turen til Hippos, der me skal ta ein MARI, og sei ha det bra til alle gode vener og taxi sjåførar som har vore med på å gjere opphaldet perfekt. Ser fram til det.

Dette var truleg seiste blogg innlegg på denne bloggen. For om 2 dagar vender me nesa mot nord, vinter og minusgrader.

Loca wananna   (PS: legg ut nokre bilet i morgo) 

onsdag 23. februar 2011

Er me i eventyrland?

I kveld har me vore  på Waterfront, maten var så som så, medan sola og solnedgangen var verdt å få med seg.  Her er nokre glimt av den koselege kvelden. 










tirsdag 22. februar 2011

African ladies

Helga vart ikkje akkurat som planlagt, men me tok ein tur for å sjå på regnbogen mot månen. Og åt middag med nokre vener her i Zambia; Brian og Jaimy.

Det afrikanske aften starta med at me køyrde til det lokale markedet; Maramba marked. Her var det mykje rart å sjå, og det lukta deretter. Larver, flygemaur, småfisk, større fisk, grønsaker, sur mjølk med meir. Etter ein kjapp tur rundt omkring hadde me fått med oss, okra – agurkliknande grønsak og fisk som middagen skulle bestå av. Skeptisk som eg er, danna eg meg bilete av tre jenter som var svært dårlege dagen derpå. Mindre skeptisk var ikkje Silje som syns me skulle la vere å ete fisk.
Her fekk me sjå ein boksekamp, vel og merke i komedisk regi.





Vel framme hjå Jaimy, slappa me av litt på rommet og starta deretter å  gjere klart for matlaging:

Brian, Silje og Line kosar seg med musikk og mosi (lokalt øl) 


Jaimy set fram kokeapparata.


Medan Alex forsøkte å få fyr på kolet, kosta eg gardsplassen og følte eg var til nytte allereie då.

Huset deira var max 10 x 10 meter, fordela på to soverom og kanskje eit toalett. Vatn var der ikkje innlagt, og maten åt me på golvet og i senga. Veldig morosamt å sjå på korleis dei laga maten utandørs og med så lite reiskapar. Så langt auge kunne sjå var det berre ein brødkniv og ei tresleiv. 

Nokre slår av ein prat, medan andre lagar mat. 


Det vart ein kjempe koseleg kveld, med mykje latter og moro. Og eg fekk til og med lære å lage Nshima, som er noko liknande potetmos som dei lagar her nede. Berre at det er laga av ein slags type maismjøl. Nshima et ein med hendene og berre det er ei oppleving verdt å ta med seg.


 



  

Ellers andre blikkfang frå den koselege kvelden:







Mot slutten av kvelden fekk gutane prøve seg på litt snus. Noko som var heilt framand her. 

                   



På skulen fekk elevane ein time ekstra på å gjennomføre testen, men det er vanskeleg for elevane. Prøva var nok litt stor og utan grunnleggjande forståing, var det lite dei meistra. Kartlegginga gjekk dermed i vasken som mykje anna.

I går ettermiddag besøkte me Shwani, som skal lage Djember til oss. Me bestilte likegodt kvar sin store djembe og på laurdag skal me møte Shwani og ein kamerat i parken for å lære å spele på trommene.  
Dagen i dag hadde fullt program, fram til Brian avlyste turen til Mukuni Village. Me skulle dra dit for å sjå på det verkeleg afrikanske livet i ein landsby utanfor Livingstone. Dermed vart det høneblund og avslapping ved bassenget.

På skulen i dag hadde eg stasjonsundervisning med elevane, men der møter ein og utfordringar. Elevane skjønar ikkje kva dei skal gjere, sjølv med grundig forklaring på ark, krev elevane hjelp frå læraren.  Mot slutten av timen var eg sliten og følte eg meg verkeleg som ein blekksprut, sjølv om Silje var med meg i undervisninga.

Avslutningsvis skulle me ha ein kjapp konkurranse; Bingo. Elevane skulle plukke ut fem reknestykke,
eller tall. Dersom dei valte reknestykke ville eg sei svaret på reknestykket, og elevanes jobb var å finne ut kva reknestykke som høyrde til talet eg las opp. Og omvendt dersom dei valde tal. Dette var veldig vanskeleg å forstå, så resten av timen gjekk med på å forklare. Eg lova elevane å gjere ferdig konkurransen i morgon, og som premie har me blyantar, viske lær, refleksar med meir frå Noreg.

Loka wannana!

lørdag 19. februar 2011

Blikkfang - Glede

Nokre bilet frå dagen i dag. I pausa sprang me rundt med kamera rundt halsen og tok ein del bilet av elevane. Kjempe morosamt for elevane. Litt slitsamt for oss, men og koseleg sjølvsagt.

Ellers prøva me på nytt å leike med dei minste elevane, me greide i det minste å lage ein sirkel i dag. Eit steg lenger enn i går. 



I tillegg øva Line på å telle til over 40 med elevane. Ei av jentene var kjempe flink å telje, og når ho kom til 60 let det som følgjer: 


Sixisiti one, sixisiti two, sixisiti three ;)

Morosamt å tøyse litt med elevane. 











Matematikk klassen min 




torsdag 17. februar 2011

Motivasjon, mastringsføling og glede.

I desse dagar avsluttar eg tema om matematiske lovar. Det skal bli godt å avslutte tema etter 14 dagar, å føle at i alle fall halvparten av elevane har forstått det eg har undervist.
Tema avsluttas med ein test som omgår det meste av det eg har undervist. Motivasjonen vekkast når eg no planlegg programmet for neste veke. Sidan dei 14 dagane har bestått i tavleundervisning og oppgåver skal eg no ta steget inn i den norske praktiske delen.

Me skal ha stasjonsundervisning, der elevane får spille matematiske spel, men samstundes øve på å løyse problem på ulike måtar. Det blir spennande å sjå resultatet. Greier elevane å løyse problem eller er det heilt fjernt for dei? Har det nok matematisk kunnskap til å greie det? Vil det gå opp nokre ljos når dei spelar spel? Eller vil det berre skape forvirring?

Årsaka til at eg ynskjer å bruke neste veke som ”eksperiments veke” er at elevane syner lite kompetanse på heilt grunnleggjande nivå. Difor skal eg sysselsetje fleire grupper, og forsøke å setje meg ned med gruppa som skal løyse problem. Der vil eg observere tankane deira og stille spørsmål som vil gje meg innsikt. Ein kan kanskje kalle det ei lita munnleg kartlegging. 

Elles var det utruleg koseleg å vere på avsluttingsfesten til Mari. Til tross for at Jon Blund hadde vore innom tidlegare på kvelden, festa me til klokka var 4 på morgonkvisten. Sundagen vart roleg, med soling og bading. 

Veka går no sin vante gang, med undervisning på 8.trinn, retting av bøkar og planlegging av timar og neste veke. I går forsøkte me å lære ungane på skulen paradis, det resulterte i at 100 barn skulle hoppe paradis samstundes. Og heile paradis blei lagt i grus. Vidare forsøkte me å leike sisten, men da skulle 100 barn vere røvar, så det vart heller ikkje vellukka. Og sidan me alle skulle ha undervisning måtte me diverre legge det heile på hylla for ei stund.

Kanskje me skal prøve å gjere dette i mindre grupper og ikkje medan alle elevane på skulen har pause.

Me var også på besøk på Dalice i går. Som representantar frå Noreg og UiT, fortalte me litt om praksis i Noreg og kom med nokre små tips om kva ein kan førebu seg på når ein skal ut i praksis. Vidare prøva Line å fortelje elevane at det ikkje er alt ein treng å sluke rått. Det er viktig å vere kritisk og tenke sjølv.

I morgon skulle me eigentleg på SOS-barnebyer, men dette vart flytta til neste veke ei gong.

Elles er me alle klare for å ta helg. Me planlegg ein tur til Victoria Falls på kveldstid for å sjå fossen og regnbogen mot fullmånen. Vidare vurderar me ein tur i Game park, og kanskje middag og bading på Zambezi Sun.

Loka wannana! 

lørdag 12. februar 2011

Fargeriket


Då er det ein del dagar sidan seist. Eg har kosa meg med fleire bloggfrie dagar, der eg har slappa av, planlagt undervisning, laga kartlegging og kosa meg i bassenget.

Når det kjem til skule, matematikk og brubygging er ikkje dette noko  som skjer over natta. Likevel føler eg at elevane skjønar det eg underviser. Ei god kjensle å sitje att med på slutten av veka. 
Her fekk me overlevera ein av fotballane til skulen. Tanken var sjølvsagt at elevane kunne få bruke den i fritimen, men denne skulle overleveras sportsansvarleg på skulen

Line er i full gang med undervisning i Historie, emne Early Creatures
Medan eg sjekkar leksene i matematikk.... og

underviser i matematiske lovar.



Fokuset angåande kartleggingsbiten har endra seg litt sidan seist eg blogga. Sidan eg berre har 14 dagar att av praksis, vil eg ikkje få tid til å utrette noko forståing. Derfor er det ikkje hensiktsmessig å kartlegge alle moment som må til for at elevane skal ha ein grunnmur innan matematikk.

Det eg derimot har gjort, er å lage ei kartleggingsprøve innan det eg har undervist i. For å sjå kor mykje elevane har forstått av lovane. I tillegg til dette vil eg fokusere ein stor del på problemløysingsoppgåver som nemnt tidlegare, fordi dette er noko elevane har nytte av å arbeide med.  

På toppen av dette har eg ei kjempe utfordring. Sidan det i zambisk skule har vore alt for sterk vektlegging av formelle prosedyrar, har elevane  slutta å prøve sjølv. I tillegg er det om lag 10 elevar som ikkje vil prøve å forstå, og har gitt opp alt innan matematikk. Dette er også ein av årsakene til at eg skal ta i bruk problemløysingsoppgåver.

Når eg har gjort dette (viss eg får tid til alt) er nok praksisen min her i Livingstone over.

Ein av dagane på skulen, observerte eg at læraren tok med seg det som har vist seg å vere ein røyrslange med metallskrue på endane.  Eg visste fort kva eg skulle gjere og gjekk etter han. Etter å ha spurd ei rekke undrande spørsmål ,medan han vrei og vendte røyret mellom nevane, kom det fram at dette var ein måte å skaffe disiplin på. Elevane hadde bruka 30 min for mykje på å koste skuleområdet og derfor fortente dei straff. Dei fortente og straff om dei ikkje gjorde arbeidet skikkeleg. Ein snakkar om dobbeltmoral. Enden på visa vart om han visste at det han heldt på med var brot på lova, og at eg absolutt ikkje var tilhengar av den måten å skape disiplin på. Eg gjorde og eit forsøk på å forklare at ein har disiplin i Noreg og. Men at dette vert bygt opp på ein heilt annan måte enn zambisk kultur.  Det vart no som å snakke til ein vegg. 


Gilbert - Jøgleren fra Afrika.

Så over til det litt meir sosiale og koselege på skulen.  Gilbert (kunst læraren på skulen, med sans for spøk og moro) har ”forsøkt” å gifte meg bort til ein av kollegaene, som er åleineforsørgjar.  Med eit stort smil spøkte eg attende og sa at dette nok var uaktuelt. Før eg hadde fått dukka ned i bøkane igjen, var han på nakken min. Eg kunne vel finne nokon her i Livingstone å gifte meg med? Det er godt å vite at nokre av lærarane er glade for å ha oss her, og enden på visa vart at Preben måtte ”blow for wedding”.  Så dette vil nok vere emnet for resten av praksisen.  

Fantastiske Gilbert Mawumi i aksjon


Ein av dagane tok Gilbert oss med bort i hytta si, der han oppbevarar det han brukar i kunstundervisninga. Der hadde han ein pose med masse tekstilar. Desse hadde han sjølv laga og undrast om me var interessera i å kjøpe. Det var utruleg koseleg av han.  Eg kjøpte eit stoff i turkis, grønt og lilla. Veldig fint.   


I går gjorde me enno eit forsøk på å bli afrikanske madammer. Me investerte i ikkje mindre enn 14 meter med afrikansk mønstra stoff. Dermed ber det til skreddaren neste veke for å få sydd drakt, skjørt og litt andre ting. 



Eit av stoffa a 6 meter             

Det andre stoffet a 6 meter.



Helga har vore roleg og utan anna program enn avsluttingsfest for  Mari i kveld. 

Glimt fra naturen:
    
God Helg


På tide med middagslur?