torsdag 7. oktober 2010

Praksis i Zambia

Eg har no oppretta meg ein blogg der eg etterkvart vil skrive om mi reise til Zambia. Eg reiser mot slutten av januar og vert borte omlag ein månad. I Zambia skal eg ha praksis på ein skule i Livingstone, men ungdommar frå 10 – 14 år. Og sidan mitt fagfelt per i dag er matematikk blir det hovudsakeleg det eg skal undervise i.

Denne veka har me førebuing på skulen. I går byrja me å forme utviklingsmål for praksisen og i dag har dagen budd på besøk frå Zambia. Barbara har førebudd oss litt med tanke på kulturen; korleis ein skal kle seg, korleis dei ser på religiøsitet, korleis ein helsar osv. Etter det har me hatt ein gjennomgang av dokumentasjon og der fann me ut at me skulle lage blogg for reisa.

Eg undrar meg over at kulturar kan vere så forskjellige, og syns det er særs spennande. Ettersom den norske skulen stadig inneheld fleire minoritetar ser eg på dette som ein gylden moglegheit til å skaffe meg ein djupare kompetanse innan kulturell forståing.