Denne veka har me førebuing på skulen. I går byrja me å forme utviklingsmål for praksisen og i dag har dagen budd på besøk frå Zambia. Barbara har førebudd oss litt med tanke på kulturen; korleis ein skal kle seg, korleis dei ser på religiøsitet, korleis ein helsar osv. Etter det har me hatt ein gjennomgang av dokumentasjon og der fann me ut at me skulle lage blogg for reisa.
Eg undrar meg over at kulturar kan vere så forskjellige, og syns det er særs spennande. Ettersom den norske skulen stadig inneheld fleire minoritetar ser eg på dette som ein gylden moglegheit til å skaffe meg ein djupare kompetanse innan kulturell forståing.
