I kveld har me vore på Waterfront, maten var så som så, medan sola og solnedgangen var verdt å få med seg. Her er nokre glimt av den koselege kvelden.
onsdag 23. februar 2011
tirsdag 22. februar 2011
African ladies
Helga vart ikkje akkurat som planlagt, men me tok ein tur for å sjå på regnbogen mot månen. Og åt middag med nokre vener her i Zambia; Brian og Jaimy.
Det afrikanske aften starta med at me køyrde til det lokale markedet; Maramba marked. Her var det mykje rart å sjå, og det lukta deretter. Larver, flygemaur, småfisk, større fisk, grønsaker, sur mjølk med meir. Etter ein kjapp tur rundt omkring hadde me fått med oss, okra – agurkliknande grønsak og fisk som middagen skulle bestå av. Skeptisk som eg er, danna eg meg bilete av tre jenter som var svært dårlege dagen derpå. Mindre skeptisk var ikkje Silje som syns me skulle la vere å ete fisk.
| Her fekk me sjå ein boksekamp, vel og merke i komedisk regi. |
Vel framme hjå Jaimy, slappa me av litt på rommet og starta deretter å gjere klart for matlaging:
| Brian, Silje og Line kosar seg med musikk og mosi (lokalt øl) |
| Jaimy set fram kokeapparata. |
Medan Alex forsøkte å få fyr på kolet, kosta eg gardsplassen og følte eg var til nytte allereie då.
Huset deira var max 10 x 10 meter, fordela på to soverom og kanskje eit toalett. Vatn var der ikkje innlagt, og maten åt me på golvet og i senga. Veldig morosamt å sjå på korleis dei laga maten utandørs og med så lite reiskapar. Så langt auge kunne sjå var det berre ein brødkniv og ei tresleiv. | Nokre slår av ein prat, medan andre lagar mat. |
Det vart ein kjempe koseleg kveld, med mykje latter og moro. Og eg fekk til og med lære å lage Nshima, som er noko liknande potetmos som dei lagar her nede. Berre at det er laga av ein slags type maismjøl. Nshima et ein med hendene og berre det er ei oppleving verdt å ta med seg.
Ellers andre blikkfang frå den koselege kvelden:
Mot slutten av kvelden fekk gutane prøve seg på litt snus. Noko som var heilt framand her.
På skulen fekk elevane ein time ekstra på å gjennomføre testen, men det er vanskeleg for elevane. Prøva var nok litt stor og utan grunnleggjande forståing, var det lite dei meistra. Kartlegginga gjekk dermed i vasken som mykje anna.
I går ettermiddag besøkte me Shwani, som skal lage Djember til oss. Me bestilte likegodt kvar sin store djembe og på laurdag skal me møte Shwani og ein kamerat i parken for å lære å spele på trommene.
Dagen i dag hadde fullt program, fram til Brian avlyste turen til Mukuni Village. Me skulle dra dit for å sjå på det verkeleg afrikanske livet i ein landsby utanfor Livingstone. Dermed vart det høneblund og avslapping ved bassenget.
På skulen i dag hadde eg stasjonsundervisning med elevane, men der møter ein og utfordringar. Elevane skjønar ikkje kva dei skal gjere, sjølv med grundig forklaring på ark, krev elevane hjelp frå læraren. Mot slutten av timen var eg sliten og følte eg meg verkeleg som ein blekksprut, sjølv om Silje var med meg i undervisninga.
Avslutningsvis skulle me ha ein kjapp konkurranse; Bingo. Elevane skulle plukke ut fem reknestykke,
eller tall. Dersom dei valte reknestykke ville eg sei svaret på reknestykket, og elevanes jobb var å finne ut kva reknestykke som høyrde til talet eg las opp. Og omvendt dersom dei valde tal. Dette var veldig vanskeleg å forstå, så resten av timen gjekk med på å forklare. Eg lova elevane å gjere ferdig konkurransen i morgon, og som premie har me blyantar, viske lær, refleksar med meir frå Noreg.
På skulen i dag hadde eg stasjonsundervisning med elevane, men der møter ein og utfordringar. Elevane skjønar ikkje kva dei skal gjere, sjølv med grundig forklaring på ark, krev elevane hjelp frå læraren. Mot slutten av timen var eg sliten og følte eg meg verkeleg som ein blekksprut, sjølv om Silje var med meg i undervisninga.
Avslutningsvis skulle me ha ein kjapp konkurranse; Bingo. Elevane skulle plukke ut fem reknestykke,
eller tall. Dersom dei valte reknestykke ville eg sei svaret på reknestykket, og elevanes jobb var å finne ut kva reknestykke som høyrde til talet eg las opp. Og omvendt dersom dei valde tal. Dette var veldig vanskeleg å forstå, så resten av timen gjekk med på å forklare. Eg lova elevane å gjere ferdig konkurransen i morgon, og som premie har me blyantar, viske lær, refleksar med meir frå Noreg.
Loka wannana!
lørdag 19. februar 2011
Blikkfang - Glede
| Matematikk klassen min |
torsdag 17. februar 2011
Motivasjon, mastringsføling og glede.
I desse dagar avsluttar eg tema om matematiske lovar. Det skal bli godt å avslutte tema etter 14 dagar, å føle at i alle fall halvparten av elevane har forstått det eg har undervist.
Tema avsluttas med ein test som omgår det meste av det eg har undervist. Motivasjonen vekkast når eg no planlegg programmet for neste veke. Sidan dei 14 dagane har bestått i tavleundervisning og oppgåver skal eg no ta steget inn i den norske praktiske delen.
Me skal ha stasjonsundervisning, der elevane får spille matematiske spel, men samstundes øve på å løyse problem på ulike måtar. Det blir spennande å sjå resultatet. Greier elevane å løyse problem eller er det heilt fjernt for dei? Har det nok matematisk kunnskap til å greie det? Vil det gå opp nokre ljos når dei spelar spel? Eller vil det berre skape forvirring?
Årsaka til at eg ynskjer å bruke neste veke som ”eksperiments veke” er at elevane syner lite kompetanse på heilt grunnleggjande nivå. Difor skal eg sysselsetje fleire grupper, og forsøke å setje meg ned med gruppa som skal løyse problem. Der vil eg observere tankane deira og stille spørsmål som vil gje meg innsikt. Ein kan kanskje kalle det ei lita munnleg kartlegging.
Elles var det utruleg koseleg å vere på avsluttingsfesten til Mari. Til tross for at Jon Blund hadde vore innom tidlegare på kvelden, festa me til klokka var 4 på morgonkvisten. Sundagen vart roleg, med soling og bading.
Veka går no sin vante gang, med undervisning på 8.trinn, retting av bøkar og planlegging av timar og neste veke. I går forsøkte me å lære ungane på skulen paradis, det resulterte i at 100 barn skulle hoppe paradis samstundes. Og heile paradis blei lagt i grus. Vidare forsøkte me å leike sisten, men da skulle 100 barn vere røvar, så det vart heller ikkje vellukka. Og sidan me alle skulle ha undervisning måtte me diverre legge det heile på hylla for ei stund.
Kanskje me skal prøve å gjere dette i mindre grupper og ikkje medan alle elevane på skulen har pause.
Me var også på besøk på Dalice i går. Som representantar frå Noreg og UiT, fortalte me litt om praksis i Noreg og kom med nokre små tips om kva ein kan førebu seg på når ein skal ut i praksis. Vidare prøva Line å fortelje elevane at det ikkje er alt ein treng å sluke rått. Det er viktig å vere kritisk og tenke sjølv.
I morgon skulle me eigentleg på SOS-barnebyer, men dette vart flytta til neste veke ei gong.
Elles er me alle klare for å ta helg. Me planlegg ein tur til Victoria Falls på kveldstid for å sjå fossen og regnbogen mot fullmånen. Vidare vurderar me ein tur i Game park, og kanskje middag og bading på Zambezi Sun.
Loka wannana!
Loka wannana!
lørdag 12. februar 2011
Fargeriket
Då er det ein del dagar sidan seist. Eg har kosa meg med fleire bloggfrie dagar, der eg har slappa av, planlagt undervisning, laga kartlegging og kosa meg i bassenget.
Når det kjem til skule, matematikk og brubygging er ikkje dette noko som skjer over natta. Likevel føler eg at elevane skjønar det eg underviser. Ei god kjensle å sitje att med på slutten av veka.
| Her fekk me overlevera ein av fotballane til skulen. Tanken var sjølvsagt at elevane kunne få bruke den i fritimen, men denne skulle overleveras sportsansvarleg på skulen |
| Line er i full gang med undervisning i Historie, emne Early Creatures |
| Medan eg sjekkar leksene i matematikk.... og |
| underviser i matematiske lovar. |
Fokuset angåande kartleggingsbiten har endra seg litt sidan seist eg blogga. Sidan eg berre har 14 dagar att av praksis, vil eg ikkje få tid til å utrette noko forståing. Derfor er det ikkje hensiktsmessig å kartlegge alle moment som må til for at elevane skal ha ein grunnmur innan matematikk.
Det eg derimot har gjort, er å lage ei kartleggingsprøve innan det eg har undervist i. For å sjå kor mykje elevane har forstått av lovane. I tillegg til dette vil eg fokusere ein stor del på problemløysingsoppgåver som nemnt tidlegare, fordi dette er noko elevane har nytte av å arbeide med.
På toppen av dette har eg ei kjempe utfordring. Sidan det i zambisk skule har vore alt for sterk vektlegging av formelle prosedyrar, har elevane slutta å prøve sjølv. I tillegg er det om lag 10 elevar som ikkje vil prøve å forstå, og har gitt opp alt innan matematikk. Dette er også ein av årsakene til at eg skal ta i bruk problemløysingsoppgåver.
Når eg har gjort dette (viss eg får tid til alt) er nok praksisen min her i Livingstone over.
Ein av dagane på skulen, observerte eg at læraren tok med seg det som har vist seg å vere ein røyrslange med metallskrue på endane. Eg visste fort kva eg skulle gjere og gjekk etter han. Etter å ha spurd ei rekke undrande spørsmål ,medan han vrei og vendte røyret mellom nevane, kom det fram at dette var ein måte å skaffe disiplin på. Elevane hadde bruka 30 min for mykje på å koste skuleområdet og derfor fortente dei straff. Dei fortente og straff om dei ikkje gjorde arbeidet skikkeleg. Ein snakkar om dobbeltmoral. Enden på visa vart om han visste at det han heldt på med var brot på lova, og at eg absolutt ikkje var tilhengar av den måten å skape disiplin på. Eg gjorde og eit forsøk på å forklare at ein har disiplin i Noreg og. Men at dette vert bygt opp på ein heilt annan måte enn zambisk kultur. Det vart no som å snakke til ein vegg.
Gilbert - Jøgleren fra Afrika.
Gilbert - Jøgleren fra Afrika.
Så over til det litt meir sosiale og koselege på skulen. Gilbert (kunst læraren på skulen, med sans for spøk og moro) har ”forsøkt” å gifte meg bort til ein av kollegaene, som er åleineforsørgjar. Med eit stort smil spøkte eg attende og sa at dette nok var uaktuelt. Før eg hadde fått dukka ned i bøkane igjen, var han på nakken min. Eg kunne vel finne nokon her i Livingstone å gifte meg med? Det er godt å vite at nokre av lærarane er glade for å ha oss her, og enden på visa vart at Preben måtte ”blow for wedding”. Så dette vil nok vere emnet for resten av praksisen.
| Fantastiske Gilbert Mawumi i aksjon |
Ein av dagane tok Gilbert oss med bort i hytta si, der han oppbevarar det han brukar i kunstundervisninga. Der hadde han ein pose med masse tekstilar. Desse hadde han sjølv laga og undrast om me var interessera i å kjøpe. Det var utruleg koseleg av han. Eg kjøpte eit stoff i turkis, grønt og lilla. Veldig fint.
I går gjorde me enno eit forsøk på å bli afrikanske madammer. Me investerte i ikkje mindre enn 14 meter med afrikansk mønstra stoff. Dermed ber det til skreddaren neste veke for å få sydd drakt, skjørt og litt andre ting.
| Eit av stoffa a 6 meter |
| Det andre stoffet a 6 meter. |
Helga har vore roleg og utan anna program enn avsluttingsfest for Mari i kveld.
Glimt fra naturen:
På tide med middagslur?
Abonner på:
Kommentarer (Atom)