lørdag 12. februar 2011

Fargeriket


Då er det ein del dagar sidan seist. Eg har kosa meg med fleire bloggfrie dagar, der eg har slappa av, planlagt undervisning, laga kartlegging og kosa meg i bassenget.

Når det kjem til skule, matematikk og brubygging er ikkje dette noko  som skjer over natta. Likevel føler eg at elevane skjønar det eg underviser. Ei god kjensle å sitje att med på slutten av veka. 
Her fekk me overlevera ein av fotballane til skulen. Tanken var sjølvsagt at elevane kunne få bruke den i fritimen, men denne skulle overleveras sportsansvarleg på skulen

Line er i full gang med undervisning i Historie, emne Early Creatures
Medan eg sjekkar leksene i matematikk.... og

underviser i matematiske lovar.



Fokuset angåande kartleggingsbiten har endra seg litt sidan seist eg blogga. Sidan eg berre har 14 dagar att av praksis, vil eg ikkje få tid til å utrette noko forståing. Derfor er det ikkje hensiktsmessig å kartlegge alle moment som må til for at elevane skal ha ein grunnmur innan matematikk.

Det eg derimot har gjort, er å lage ei kartleggingsprøve innan det eg har undervist i. For å sjå kor mykje elevane har forstått av lovane. I tillegg til dette vil eg fokusere ein stor del på problemløysingsoppgåver som nemnt tidlegare, fordi dette er noko elevane har nytte av å arbeide med.  

På toppen av dette har eg ei kjempe utfordring. Sidan det i zambisk skule har vore alt for sterk vektlegging av formelle prosedyrar, har elevane  slutta å prøve sjølv. I tillegg er det om lag 10 elevar som ikkje vil prøve å forstå, og har gitt opp alt innan matematikk. Dette er også ein av årsakene til at eg skal ta i bruk problemløysingsoppgåver.

Når eg har gjort dette (viss eg får tid til alt) er nok praksisen min her i Livingstone over.

Ein av dagane på skulen, observerte eg at læraren tok med seg det som har vist seg å vere ein røyrslange med metallskrue på endane.  Eg visste fort kva eg skulle gjere og gjekk etter han. Etter å ha spurd ei rekke undrande spørsmål ,medan han vrei og vendte røyret mellom nevane, kom det fram at dette var ein måte å skaffe disiplin på. Elevane hadde bruka 30 min for mykje på å koste skuleområdet og derfor fortente dei straff. Dei fortente og straff om dei ikkje gjorde arbeidet skikkeleg. Ein snakkar om dobbeltmoral. Enden på visa vart om han visste at det han heldt på med var brot på lova, og at eg absolutt ikkje var tilhengar av den måten å skape disiplin på. Eg gjorde og eit forsøk på å forklare at ein har disiplin i Noreg og. Men at dette vert bygt opp på ein heilt annan måte enn zambisk kultur.  Det vart no som å snakke til ein vegg. 


Gilbert - Jøgleren fra Afrika.

Så over til det litt meir sosiale og koselege på skulen.  Gilbert (kunst læraren på skulen, med sans for spøk og moro) har ”forsøkt” å gifte meg bort til ein av kollegaene, som er åleineforsørgjar.  Med eit stort smil spøkte eg attende og sa at dette nok var uaktuelt. Før eg hadde fått dukka ned i bøkane igjen, var han på nakken min. Eg kunne vel finne nokon her i Livingstone å gifte meg med? Det er godt å vite at nokre av lærarane er glade for å ha oss her, og enden på visa vart at Preben måtte ”blow for wedding”.  Så dette vil nok vere emnet for resten av praksisen.  

Fantastiske Gilbert Mawumi i aksjon


Ein av dagane tok Gilbert oss med bort i hytta si, der han oppbevarar det han brukar i kunstundervisninga. Der hadde han ein pose med masse tekstilar. Desse hadde han sjølv laga og undrast om me var interessera i å kjøpe. Det var utruleg koseleg av han.  Eg kjøpte eit stoff i turkis, grønt og lilla. Veldig fint.   


I går gjorde me enno eit forsøk på å bli afrikanske madammer. Me investerte i ikkje mindre enn 14 meter med afrikansk mønstra stoff. Dermed ber det til skreddaren neste veke for å få sydd drakt, skjørt og litt andre ting. 



Eit av stoffa a 6 meter             

Det andre stoffet a 6 meter.



Helga har vore roleg og utan anna program enn avsluttingsfest for  Mari i kveld. 

Glimt fra naturen:
    
God Helg


På tide med middagslur? 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar