Det var tungt å stå opp i dag, eg kom meg ikkje i seng før klokka 12 i natt. Så i dag prøvar eg på å blogge litt tidleg slik at ein kan få lagt seg i rimleg tid.
Me ankom skulen kl 07.05 i dag tidleg. Og dagen starta 07.30 med Historie. Sidan Silje og eg ikkje hadde observasjon første økt, følgde me Line på observasjon i historie timen.
Emnet for timen var: The beginning of the Earth.
Inntrykket mitt var at me hadde naturfag og ikkje historie. I tillegg var det ganske basic facts. Som at det var to teoriar, den bibelske og den naturvitenskaplige teorien. Den naturvitenskaplige teorien blei forklara med korleis livet utvikla seg frå amfibier, reptiler og pattedyr. Medan den bibelske teorien blei lest opp direkte frå bibelen av ein av elevane.
Undervisninga i historietimen var veldig enkel i format, og hadde ein forteljande form. Læraren fortalde, og elevane måtte følgje godt med. For fleire gonger stillte læraren spørsmål, i form av at ho gjentok det ho nett hadde sagt og stoppa opp. Så skulle elevane sei sol, jorda osv. For eksempel
Jorda blei til av …. Elevane skulle svare sola. Dette spørsmålet stilte ho gjerne 2 til tre gonger. For å forsikre seg om at elevane hadde forstått.
Eg vil sei at me på godt norsk kan kalle historietimen for t-skje prinsippet.
På slutten stillte læraren 6 spørsmål som elevane svarte på muntleg. Deretter fekk elevane oppgåver. Og ikkje overraskande var dette akkurat dei same spørsmåla som ho stilte munnleg til elevane. Så det går mykje i repetisjon her nede.
Eg skulle ha matematikk observasjon med mr. Kaange kl 08.50. Først gjekk eg til feil klasserom, der eg fekk meg ein skikkeleg støkk. I det eg kom inn i klasseromet seier elevane veldig høgt; ”God morning, Madam. How are you?”. Eg blei litt skremt og samstudes flau. Me opplevde dette også første dagen, men det var saman med ein annan lærar og ikkje direkte retta mot meg som i dag. Men då ingen lærar dukka opp, drog eg opp timeplanen min (som eg sjølv måtte skrive og funne ut av) og eg fann ut at eg var i feil klasse. Men då eg kom til rett klasse var det heller ingen lærar.
Derfor gjekk eg meg ein liten tur langs med klasseromma og observerte om det var nokon andre som hadde matematikk. Og det var det. Eg stillte meg i glaskarmen å smugkikka på undervisninga, men det fungerte ikkje så godt. Eg blei observera og bedt om å kome inn i klasserommet. Det var ikkje meg imot. Det er utruleg spennande å observere så eg gjer det så mykje som mogleg.
I går syns eg matematikk undervisninga til lærerinna var heilt ok, medan eg i dag ser at ho underviste på ein noko instrumentell måte. Medan læraren eg fekk vere med i dag verkeleg kunne matematikk og heile tida hadde fokuset på ei litt breiare forståing om ikkje relasjonell forståing. (instrumentell forståing – elevane lærer kun gangen i å rekne og gjere ei oppgåve, og er avhengig av ei prosedyre/ein formel for å kunne rekne. Relasjonell – eleven kan sjølv finne ut kva han/ho skal gjere for å finne svaret på oppgåva.)
I dag fann eg og ut at det som for meg ikkje hadde samanheng med kvarandre i undervisninga i går, tydlegvis må vere repetisjon frå førre gong sjølv om det ikkje vert sagt noko om.
I to av matematikk timane i dag (i to forskjellige klasser) hadde elevane om figurtall. Læraren undervise ved å presentere ulike typer figurtall. Og deretter gå inn på dei enkelte; kvadrattall og trekanttall.
Læraren teikna og forklara dei første tala i tallfølgen for kvadrat tal, deretter prøva han å få elevane til å forstå ved at dei tippa på kva det neste talet skulle vere. Dei som berre gjetta fekk kome fram på tavla for å prøve å teikne svaret deira. Og kvar gong elevane teikna feil forklara læraren kvifor det vart feil. Stort sett fekk elevane rektangel i staden for kvadrat. Men til slutt var det ei jente som gjorde det riktig. Då spurde læraren igjen etter neste tal, slik eg ser det, er dette ein måte for han å undersøke om elevane har forstått det heile på. Men igjen gjettar elevane, og sidan dei måtte legge 10 for å få førre kvadrattal gjetta elevane på 10 meir enn det førre. Læraren gjekk då vidare og viste elevane at det første kvadrattalet er 1x1, det andre er 2x2 osv. Deretter fekk han elevane til å sjå at han mellom kvart kvadrattal la til det neste oddetalet i tallrekka.
Mot slutten av timen, før elevne skulle arbeide på eiga hand skreiv han opp dette på tavla:
1 + 3 = 4
1+ 3 + 5 = 9
1 + 3 + 5 + 7 = 16
1 + 3 + 5 + 7 + 9 = 25
1 + 3 + 5 + 7 + 9 + 11 = 36
Så spurde han; Kva har me gjort her? Nokre elevar svara at dei hadde addera oddetal. Og deretter gav han ei sluttforklaring;
Summen av oddetall = kvadrattal.
Kvadrattal er eit tal som formar eit kvadrat.
Den seiste setninga ville eg nok omformulera litt. Fordi den kan danne misoppfatningar av at talet skal vere forma som kvadrat, og at det ikkje er antall enkelte punkt som skal danne kvadrat. Læraren droppa denne figuren, noko eg ikkje ville gjort.
Det som ein og merkar seg er at lærarane ikkje treng noko opplegg for timen, for dei følgjer berre boka slavisk sidan elevane ikkje har bøkar. Men på tross av dette kunne læraren i dag godt tenkt seg at elevane hadde bøkar, og meinte dette ville vore lettare. Elevane skriv nemleg ikkje når læraren skriv på tavla. Om dette er fordi dei ikkje får lov, eller om dei ikkje orkar er vanskeleg å sei. Men eg ser mange av dei pliktoppfyllande elevane skriv som galningar når oppgåvene blir gitt. Litt dumt, for då er jo halvparten av det læraren skreiv allereie viska ut fordi læraren trengte meir plass på tavla. Derfor har eg tenkt å anbefale elevane å skrive medan eg underviser. Om det fungerar er ein annan sak.
Etter to matte økter og ei historie økt var det på tide med ei lita pause. Eg drakk litt cola, både for å få opp blodsukkeret men og for å få i meg litt væske. Me har blitt anbefalt av UiT om å ikkje ete på skulen, derfor gjer me ikkje dette. Og når klokka passerar 09.00 på morgonen kjenner ein verkeleg at det er behov for drikke og eigentleg lettare klede.
Etter pausa hadde omsider mr. Kaanga kome på skulen og eg skulle følgje hans undervisning i 8D. I forhold til den flinke læraren observerer eg raskt at denne læraren ikkje har kome like langt som dei andre, eller arbeider i ei anna rekkefølgje enn den andre læraren. Elevane i denne klasse skulle nemleg arbeide med tallfølger og formlar/reglar for ulike følgjer. Læraren hadde volumet på full guffe, og nokre gonger trudde eg nesten han var sint. I forhold til dei to timane tidlegare på dagen var dette svært lite pedagogisk og didaktisk riktig. Han kjøyrde på med ei talrekke, og elevane var med. Derfor økte han nivået 10 hakk, og eg følte at elevane berre raste saman på pultane. Den relasjonelle forståelsen var i alle fall ikkje i fokus.
Eg merka godt på heile klassa at det var ein annan ”aura” eller kva ein skal kalle det. I dei andre klassene har elevane vore aktive og delteke i det læraren underviser. Medan det her var ei veldig slapp stemning.
Etter tavleundervisninga arbeida elevane med oppgåver. Eg fekk for første gang sleppe til som hjelpe lærar. JIPPI. Læraren tilbyr meg rød penn, elevane rekker opp handa for å få vite om svaret er rett og god kjent. Eg takkar nei til å byrje med, men skjønar raskt at denne har eg behov for. For det er tusen armar i veret konstant. Etterkvar som eg gjeng rundt blir eg FORSKREKKA. Elevane kan ikkje ei gong det mest grunnleggjande innan matematikk. Oppgåvene deira bestod i å sjå kva som var regelen for den enkelte følgja (eks: 2, 4, 6, 8 ---, ---) Og skrive dei to neste tala i følgja, som her er 10, 12) Ein ser fort at det aukar med 2 for kvart tal som går. Og dette er kva elevane skal skrive; The rule is to add 2 for each number.
Her kunne elevane finne på å skrive subtract, divide, multiplicate. Og når eg sette meg ned å forklara at å addere er å legge til medan subtrahere er å trekke frå såg det ut som dei aldri hadde høyrd orda før. Dei blanda begrepa om kvarandre og eg måtte gjerne bruke 5 minuttar på kvar enkelt elev. Dette er grunnleggjande fakta som må vere på plass for i det heile teke å kunne forstå matematikk. Eg er overraska over at dette ikkje er klarare enn som så hjå elevane. Så dette er kanskje ein ting eg kjem til å arbeide litt med, etter eg har kome litt inn i rutinene på skulen og sakte men sikkert innført norske undervisningsmetodar.
Eg skal i alle fall ta med meg eit par tellesnorer på skulen i morgo, slik at eg kan nytte denne til å forklare diverse matematiske situasjonar. Tellesnor er ein kjempeflott hjelpemiddel som eg lærde om på konferansen til Pedagogstudentane i Utdanningsforbundet i 2009. Eg innførte snora i praksis på Borgtun skule i fjor, og elevane likte den kjempe godt. Kanskje kan den fungere som konkretisering her nede også. Men kva lærarane tenker om det er jo spennande å sjå.
Dette var dagens fagblogg.
Med tanke på fritida har me hatt nok ein regnfull dag. Halv tre i dag kom det igjen eit kjempe brak, og det kom kjempe store mengder vatn. Etter lunsjen på ein eller anna utestad gjekk me til bokhandlaren; Line kjøpte eit par historiebøkar; sidan undervisningsmaterialet på skulen er frå 1988. Og eg kjøpte meg ei fin notatbok med hard perm til å skrive litt om det faglege på skulen.
Etter dette oppsøkte me mannen i gata som selg stoff (tekstiler). Me fann ikkje noko me likte i dag, men han skulle kjøyre ein tur å finne meir stoff, slik at me kan få sydd oss skjørt og dressar i afrikanske mønster. WEEEEE. Det blir kjempe spennande det. Eg ønskte meg eit stoff i fargane lilla, blått og gult, etter at eg såg eit skjørt som Mari hadde som var så utruleg flott. Så neste onsdag vil han igjen ha bilen full av afrikanske tekstiler, så da skal me oppsøke han på nytt.
Så var det rett heim og slappe av i senga og kose seg med bloggskriving i bok og på data.
Me prekas i morgo J
Hei! Så flink du er til å skrive og så mange fine bilder. Du er heldig som har muligheten til å oppleve dette! Kos deg masse! Klem fra Ida
SvarSlett