fredag 28. januar 2011

Den lengste reisen….

Etter ei lang og slitsom reise er me framme på Chanters Lodge i Livingstone. Bagasjen måtte sjekkas inn manuellt i Oslo, så i dag venta tre spente jenter på å få sjå koffertane sine igjen etter 30 timar på reisefot. Og tru det eller ei, ALLE tre koffertane kom heilt fram.

Kort om reisa hit.

Først og fremst vil eg sei at flyplassen i Frankfurt er kjemperotete. Me gjekk fram og tilbake mellom terminalane A og B, nokon sa me skulle ta fly frå A medan andre snakka om B. Etter mykje om og men fekk me sjekka inn og fått ordentlege bilettar og ete ein god middag. Så bar turen vidare til Johannesburg, ein tolv timars flytur venta oss, og me var ikkje spesielt begeistra. For min del var reisa ein prøvelse. Eg har ikkje flyskrekk, men med lite søvn og lite energi blei det fort tungt både fysisk og psykisk. Med oppkast og skjelvingar sovna eg til slutt, etter at snille søte Line flytta seg til ein annan plass i flyet og eg fekk 3 seter å sove i.

Vel framme i Johannesburg invaderte me dametoalettet og tok ein ”skikkeleg” kattevask. DEILIG. Mens vaskedama stod å inspiserte oss med skeptiske auge, lo me av oss sjølve som måtte sjå noko rare ut der me stod i bare BH-en å vaska av oss søvnen. Men smilende Line tok tak i saken og sjarmerte vaskedama i senk.

Så bar det vidare til Livingstone, med eit ganske lite fly kontra airbus’en. Vel framme fekk me kjøpt visum til den nette sum av 80$ og blei motteke av Mari, Tove og Pattrick + ein bagasjemann og sjåfør som me ikkje snakka så mykje med.

Etter litt avslapping på Lodgen bar det til “sentrum” på omvisning. Nå har me kasta i oss ein god Italiensk pizza på Olgas, og skal straks tilbake på lodgen for å slappe av og sove.

Her er litt bilder frå reisa og lodgen:


Her poserar me i den fancy tunellen mellom terminal A og B på flyplassen frankFURT.
(Se Line sin blogg for nærmere forklaring av stedsnavnet)

Under til venstre har Line kome fram til Johannesburg. Og til høgre har me jentene invadert dametoalettet på flyplassen i Johannesburg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar