I dag vakna dei tre prinsessene i ti tida etter ein god og lang nattsøvn. Og det første på programmet var frukost. Me fekk servera egg med bacon og loff – nam! Medan me venta på frukosten sat me litt med bassenget og eg tusla rundt med kamera i nevane for å forevige den store fine sommarfuglen som flyr ikring her i hagen. Men den let seg ikkje fotografere. Den er svart med gule valørar på vingane og jobbar flittig med å samle nektar frå blomane. Etter frukost haldt eg fram på ferda mi og fann mykje rart. Må sei at dyr og insekt trivs godt i hagen til Richard Chanter. Nokon av krypa veit ein namn på, andre ikkje. Det eg har sett i dag er ein heil drøss av Gekkoar, til og med ein bitte liten baby Gekko.
Medan eg sat og observerte dei fine små såg eg plutseleg at pinnane i trea bevega seg. Altså pinne liknande dyr. Eg er no litt rastlaus av meg så eg gjekk meg ein ny runde i hagen, og tru det eller ei….. ein KAMELON. Det hadde ingen av oss trudd me skulle få sjå. Den sat heilt i ro og forsøkte å gjømme seg. Og innimellom var han veldig oppteken av å følgje med bevegelsane våre. Han har fått namnet Frank. Me håpar at Frank skal krabbe over i eit anna tre med andre fargar, slik at me kan få teke eit bilet av den i ein annan farge og.
Ein due liknande fuggel, i treet i hagen.
Ein av mange tusen Gekkoar. I går såg me ingen medan det i dag har vore fullt. Men når sant skal seiast var me ikkje så mykje ute i hagen i går.
Eit pinnedyr. Det er altså eit insekt. Ingen pinne!
Bølgetoppen av dagen var at Frank dukka opp, i starten var han ganske så sjenert, så her prøvar han å gjøyme seg heilt ved å rulle for augene.
Men etterkvart vart han ganske så varm i trøya og lura på kva i all verden desse rare skapningane heldt på med.
Lines gullkorn for Frank: "altså, æ veit at æ e pen, men må dokker ta så masse bilda av mæ "fordeom" "!
Etter at eg viste dei andre kamelonen var det på tide å få på seg ein shorts. På tur inn på rommet såg eg jammen ein stor salamander. Heilt glatt i skinnet og med ei fin oransje stripe ved ansiktet. Dessverre ville ikkje denne vere hos oss så lenge at eg fekk fotografert den. Den gjekk gjennom eit hol i muren over til naboen.
Men seinare på dagen då temperaturen kraup nærare 30 kom det fleire og fleire salamadarar fram og eg fekk teke nokre bilet av dei.
Ein av dei mange salamandarane som tusla rundt oss.
Salamanderen smilar og spør; "how are you doin?"
På ettermiddagen bestemte me oss for å gå til byen. Og me hadde ikkje kome lengre enn 50 meter før det kom nokre enorme regndråper, det regna ikkje så mykje men dråpene som kom var STORE. Me gjekk og gjekk og skulle finne noko som heite funkey monkey, etter kvart blei det nokså øde og me fann ut me hadde gått for langt. På tilbaketuren fann me ingen funkey monkey så me havna på Ocean basket. Ein restaurant med kun sjømat, altså enno ei utfordring for meg. Eg som er kresen åt fish and chips, mens dei andre åt calamari, blåskjell, scampi og løve fisk. Me kosar oss veldig på restaurantane i byen og sit så lenge at eg nesten trur kelnerane nokon gonger blir litt lei.
Line og Silje kosar seg på Ocean Basket
Eg trur me har fått noko i ansiktet begge to, sidan me klør samstundes.
I kveld er jentene solbrente, eg er litt solbrent på skuldrene medan dei andre jentene er litt godt stekt. Silje’s gullkorn i kveld ” i morgo vert det solfaktor 5000++ på meg!” Line’s gullkorn: ” æ e meir hummer i kveld, ser ut som æ må hopp i bassenget for å få avkjølt armene - pssssh. Æ trur vi kjøre femtusen i morra eller en million”
Me fekk invitasjon til å delta på ei bursdagsfeiring i kveld, men me fann ut at det var godt å slappe av på lodgen. Så her er me altså. Dagligstoga stenger kl 21.00 så no sit me på rommet: Line med sin laptop, eg med min og Silje sit å skriv dagbok for turen.
I dag har Mor bursdag, og eg er litt lei meg for at eg ikkje har fått kjøpt zambisk sim-kort slik at eg kunne slått av ein prat. Men Silje er ei hjelpande hand, så eg fekk tatt ein superkjapp samtale.
Når det kjem til det kulturelle er det store forskjellar. Litt morosamt i grunn. Eg er veldig fascinera over damene som ber store kurvar på hovudet, og syns det er utruleg koseleg å sjå korleis dei ber ungane sine på ryggen. Me ser og stor forskjell på dei rike og fattige. Nokre står ute i under bølgjeblekket å lagar middag medan andre har fine hus med fin hagar. Her på Chanter’s arbeider gartnaren i frå tidleg på morgonen til seint på ettermiddagen og han systematiserar arbeidet etter kvar det er skugge. Jentene som arbeider her tok kveld kl 21.00 og starta nok også dagen tidleg. Tenker meg at dei har om lag 12 timars arbeidsdag. Når ein er her nede set ein ting i perspektiv og ser at den norske kvardagen er veldig forskjellig frå dagane her. Me skal observere kulturen vidare og på måndag startar me vårt arbeid på skulen Nanzansu. I morgo skal me kanskje ta turen til Victoria Falls. Bloggar kanskje meir i morgo.
Avsluttar med ei lita blomsterhelsing til mor på bursdagen.
Ha det bra så lenge!
Tror dette blir en fin tid Erna!
SvarSlettJeg savner deg og gleder meg til du er tilbake da....men NYT tiden. Den går så mye fortere enne du aner;)
Klem Ninis