mandag 24. januar 2011

2 dagar til avreise

No nærmar det seg avreise med stormskritt. Me startar reisa kl 05.45 frå Tromsø, Torsdag den 27.01.2011, og er framme i Livingstone i Zambia 12.30 den 28.01.2011. Så eg prøvar å førebu meg på ei lang reise. Undervegs skal me ha ca 8 timar i Tyskland nærmare bestemt Frankfurt før me flyr vidare til Johannesburg, og deretter vidare til Livingstone.

I dag hadde eg seiste dag på kroken ungdomskule og det var rart og litt vemodig å ta farvel etter kun ei veke der borte. Tida har gått kjempe fort, og eg har storkosa meg der borte. Då eg fortalte elevane at eg skulle til Afrika blei dei nesten mållause, men ønskte meg ein god tur. Det var koseleg.

Dei to kommande dagane føler eg er fullpakka allereie. Eg skal få gjort ferdig matematikk oppgåvene, snakka med matematikk læraren, låne lærerverk, pakke, vaske klær, handle nødvendige duppedittar til reisa +++++
Det skal ikkje stå på at eg har for mykje tid for å sei det slik.

Kanskje rekk eg å skrive eit innlegg til før avreise, det vil tida vise.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar