mandag 31. januar 2011

Victoria falls – en våt opplevelse

I dag gjekk me til byen i tolv ett tida. Der hadde me berre nokre få ærend før me skulle ta oss til Victoria falls. Eg skulle få tak i Zambesisk simkort og ringetid. Også skulle eg og Silje få tak i ”thongs” som Line så fint kaller det. Medan Line skulle ha tak i Paracet og Ibux på apoteket.

Me gjekk på eit lite marknad i ”jungelen” som Silje har navngitt det. Og der er det umulig å komme fram. Det ser ut som det er utruleg lite, men for å slippe å leite etter plastsko i alle sjapper, spurde eg ein ungdom som førte oss gjennom absolutt heile markedet (som viste seg å vere større enn trudd) og til slutt på runden kom me fram til ein som kunne selje oss thongs. Noko billig drit som me nok kjem til å kaste når me drar. Men det skulle vere greit å bruke desse ved Victoria Falls.

Etter å ha tusla rundt i halvannan time, var det på tide med litt drikke. På tur til ein café møtte me ein taxi sjåfør; Victor, som ville kjøre oss til Victoria falls. For turen som er om lag ei mil skulle han ha 20 kwacha, som tilsvarer 26 norske kroner. Me gjorde avtale om å møtes om ein times tid.

Me lev til de grader etter Zambesisk tid og kikkar nesten aldri på klokka. Etter ei stund tok me taxi til Victoria Falls, med Victor. Først gjekk me på eine sida av ein ”vally”, der me fekk oppleve ein skokk med bavianar. Først kom det to stk. Eg blei kjempe opptatt av å fotografere, og før eg hadde teke auge frå kamera var Line og Silje fleire meter borte. Og eg hadde ein bavian om lag 2 meter frå meg. Eg skalv i buksa og tenkte mitt, før eg byksa til og sprang forbi den med puls oppi 300, det gjekk bra.

Her kjem den første bavianen. Eg blei nesten redd på hans vegne. Den kvisten er over stupet, det er sikkert 200 meter ned.

Ved nærmare studering av dette biletet fant eg ut at den faktisk sit omlag 200 meter over bakken og tissar. Berre sjå godt etter så ser du det.

Vidare kom me fram til den lille skapningen til høgre i biletet. Den var nok sjuk for den berre sat der å gjorde ingen miner, stakar. Kanskje den dør :(

Når me kom forbi den vesle kom me liksom inn i ein bavianjungel, med ei sinnsjuk lukt. Der sat desse to, dei jobbar flittig med å fjerne lus. Nesten litt ekkelt å sjå korleis dei åt desse småkrypa. Og til venstre fekk me sjå at matmor gjer jobben sin.

Litt av utsikten mot Victoria Falls, seinare på dagen, gjekk me over brua, og det var ein våt opplevelse.



Ein annan Bavian har lagt seg midt i vegen og poserar i mange forskjellige stillingar, på ryggen lang flat, på magen, på sida. Men heile tida med ansiktet retta mot kamera.

Også denne søte baby bavianen som kom nærmare og nærmare kamera. I håp om at eg hadde noko den kunne stjele frå meg og finne noko mat i. Men den gang ei.


Facinert over kor grønt og fantastisk fint det er. Langs heile horisonten her ligg Victoria falls.

Ut på tur, ALDRI sur...

Eit seiste blikk på victoria falls fra andre sida av dalen, før me skal over til den sida ein vert kliss våt.

På tilbaketuren såg me denne vakre sommarfuglen.



Etterpå gjekk me ved sjølve fossen; ein fantastisk fin men våt oppleving. Men med temperaturen opp i mot 30 er det ikkje feil med ein frisk kald dusj.

Her kjem nokre bilet frå turen langs fossen:


Line og Silje nyt disen frå fossen :)

FOTO SHOOT:


Line og Silje kjenner på det verkelege regnet frå fossen.

Like før eg skal ut på brua for å bli våt.


Etter me var ved fossen gjekk me til ein café i nærleiken og kjøpte postkort og drikke. Der dukka Tove opp (ei av våre to kontaktpersonar). Me sat ei stund å prata om mykje forskjellig da det kome eit stort udyr av eit krypdyr krabbande med ein stor edderkopp på slep. Ei lokal dame begynte å steine det stakkar krypdyret, medan eg fortvilt forsøkte å stoppe ho for å få teke bilet av dette fantastiske synet.

Etterpå fortalte dama at edderkoppen er veldig giftig, og eit bit av den gjer ein lam i kroppsdelen ein blir bitt. Så fluga alias krypdyret hadde visst gjort ein god jobb.

Etter ein lang dag i Victoria Falls gjekk me til Zambesi Sun, eit resort av den finare typen for å ete ein god sundagsmiddag. Jentene slo til med indrefilet med diverse tilbehør + forrett, medan eg i fleire dagar hadde drømt om ein skikkeleg god spagetti bolones og bestilte dette utan forrett. Eg er no liksom litt liten i magen. Det viste seg å vere ganske så lurt, for porsjonane var ENORME. Berre sjå på Line sin FORRETT:


Me sat lenge på zambesi sun før me kom attende til Lodgen i ni tida. Då høyrde me at Richard Chanter – personen me bur hjå – hadde radiosending som normalt på sundagar. Og plutseleg høyrde me namna våre på radioen. Me fekk ikkje med oss kva det handla om, fordi me var for opptekne med å snakke med jentene som arbeider på huset. Då Richard kom tilbake fortalte han at han allereie hadde lova at me skulle på intervju i radioen hans neste sundag. Så det var det berre å rydde plass til.

I kveld prøva eg det zambesiske simkortet mitt, men trur du jammen ikkje telefonen er sperra, enno den er i alle fall 5 år gamal. Så da får eg vel kjøpe ein ny telefon i morgo.

No er det kveld. Det tek litt tid å publisere bilet ++ så ein må berre starte.

For i morgo startar praksisen her nede, då skal me på DALICE – lærerutdanninga i Livingstone. Kanskje får me også tid til å stikke innom Nansanzu Basic School, men det vil tida i morgo vise.

God natt ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar