På fredagen var det samtale med lærarane våre, dessverre for meg var ikkje min lærar tilstades, så tida gjekk med på å diskutere dei andres innsats.
Etter møtet var det formell avskjed, der lærarane song for oss medan me opna nokre gåver dei gav oss. Fint zambisk chetenge, skjerf i dei zambiske fargane, sukkerskål og fat i tre. Veldig fin gåve.
Både Fredag og Laurdag gjekk med til ”party” i sentrum. Med våre lokale vener spela me Biljard heile fredag, og på laurdag dansa me oss slitne på diskotek. Begge kveldane var me ute til utpå morgonkvisten ei gong. Og det var godt å ha moglegheit til å sove lenge, i alle fall ein dag.
Sundagen var det nemlig duka for avslappingstur til Bovu Island. Ei perle utan like, der ein føler seg som heime og lev sitt eige liv i det fri. Ja, bokstavleg talt. Alt ein kan høyre er vinden og fuglane som syng i trea. Me kom til øya på ettermiddagen sundag, etter ein noko spenningsfylt biltur. Tre glade jenter plassert på lasteplanet på ein pickup utan bremser. Me hadde ikkje køyrd lenge før me såg ein sjiraff midt i vegen. Me stoppa omsider opp og fekk teke bilete av det flotte store dyret i vegen.
Etter ein halvtimes køyre tur bar det inn i bushen. Og kvar gong sjåføren ropa ”Branches” måtte ein dukke. Vegen var så som så, så ein skulle berre halde seg godt fast. Kvar gong me sette oss fast i gjørma var det like spennande å sjå om me måtte hoppe ut av bilen for å dytte. Men me kom oss vel fram i god behald utan å dytte.
Framme på øya var det fyrste på programmet ”sunset cruise” i små kanoar kalla mukolo . Det var ei heilt fantastisk oppleving. Solnedgangen var ikkje den vakraste, men å berre sitje i kanoen ete sprettkorn og nyte utsikten var herleg. På tur opp padla kapteinen motstraums, så eg kunne førestille meg at turen ned vart kjappare. Der låg eg langflat i båten og studerte naturen og skyene, stoppa båten plutseleg opp og framme var me.
Etter ein nydeleg middag og sosialt moro med dei to andre på øya tok me kveld. Det skulle vise seg å bli ei slitsam natt for min del. Til å byrje med måtte me drepe alle ”bugs” inni myggnettingen, og når det var gjort kunne ein leggje seg til å sove trygt. Men utpå natta vart det eit veldig leven utanfor hytta. Det var tunge steg, som hamra i bakken, og eg følte meg blant 20 høgt snorkande mannfolk. Dagen etterpå fann me ut at det mest sannsynleg var flodhestar.
På måndag skulle me stå opp tidleg for å dra til landsbyen på fastlandet. Me forsov oss sjølvsagt litt og drog frå øya rundt kl 09 på morgonen. Programmet for dagen var å besøke ein skule og ete lunsj med dei lokale. Det var ei oppleving for livet, som eg vil ta godt vare på i hjertet.
På ettermiddagen var det duka for å gå seg ein tur til enden av øya. Me fekk teikna eit kart i sanden, og prøva å memorere det heile. Turen gjekk nesten bra, bortsett frå Line som sette seg godt fast i ein stor tornebusk. Og ikkje nok med det, den morosame jenta presterte sjølvsagt å gå seg vill dagen me kom til den vesle øya. Hjelp hjelp – kor e dokker. To opplevingar fylt av latter og memorert på video.
Bilder fra Bovu:
Bilder fra Bovu:
![]() |
| Klikk i ramma for å sjå kollagen dersom den ikkje kjem fram. |
Tysdags morgon var det klart for den store safarien, me har venta så lenge på under heile opphaldet. Opp klokka fem om morgonen, frukost og avreise frå øya i soloppgang. Det var så vidt me rakk transporten vidare til Botswana, for etter 10 minuttars køyring var me stucked i gjørma. Alle av med skoa og ut av lasteplanet for å dytte. Men me kom oss omsider laus og ferda vidare gjekk bra.
Vel framme i Botswana bar det fyrst av stad på ein safari til sjøs, der me fekk sjå lizard, krokodille, flodhest, antiloper og masse fine fuglar. Etter dette bar det vidare til Chobe nasjonalpark for ein to dagers safari med overnatting i telt. Det heile var ein fantastisk oppleving. Eg har teke ein god del bilet, nesten for mange. Og har ein stor jobb framom meg med å sortere ut bilet.
Fram til solnedgang køyrde me rundt å kikka på dyra, og når kvelden kom køyrde me til leirplassen. Der var det sosialt å koseleg med ein del amerikanarar og eit kjærastepar frå finnland. Veldig triveleg. Utpå kvelden kunne me høyre elefantar, bavianar og løver rundt i området me telta. På toppen av dette var himmelen fri for skyer, og stjernene blinka fint på natthimmelen. Det vart tidleg kveld og raskt neste morgon.
Tida flyg fort og det er straks tid for heimreise. Dagane etter safarien har me bruka saman med alle våre gode vener her nede. I tillegg har me vore på ”Ha det bra, runde” i Livingstone. I denne runden besøkte me Libala, Nansanzu og Dalice. I tillegg har me vore to gonger innom Emma’s wear, og alt av kjolar og skjørt er straks klart. Vart ikkje så veldig nøgd med kjolen eg fekk i dag, men det får så vere.
I kveld hadde me besøk av School boy, ein gut født i Zambia, men busett i England og alle hans vener. Vidare gjeng turen til Hippos, der me skal ta ein MARI, og sei ha det bra til alle gode vener og taxi sjåførar som har vore med på å gjere opphaldet perfekt. Ser fram til det.
Dette var truleg seiste blogg innlegg på denne bloggen. For om 2 dagar vender me nesa mot nord, vinter og minusgrader.
Loca wananna (PS: legg ut nokre bilet i morgo)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar